Det enda med eit bittert tap då HFK damer møtte Fart på bortebane sundag kveld.
Det enda med eit bittert tap då HFK damer møtte Fart på bortebane sundag kveld.

Dramatikk i andredivisjon: Bittert tap for HFK-damene

Framtida i andredivisjon heng i ein tynn tråd for HFK-damene.

Sundag møtte HFK-damene Fart på bortebane. Hallingane kjempar om viktige poeng for å få bli i andredivisjon inn mot neste sesong. Fart baud på overraskande stor motstand. Sjølv om hallingane var med heile vegen, vart det tidleg klart at det var motstandarane som fekk mest utteljing på sjansane. Kampen enda 3-0 til Fart.

Før sundagens kamp låg HFK på tiandeplass på tabellen med ti poeng etter 15 spelte kampar. No har HFK rykka ned til 11.-plass på tabellen, framleis med ti poeng. Eitt poeng føre ligg Grei 2 med 11 poeng. Fart ligg på niandeplass og over nedrykksstreken, også dei med 11 poeng.