Det var Anita Riber (52) som mista livet då bilen hennar frontkolliderte med eit vogntog på Rv52 sør for Hemsedal.
Det var Anita Riber (52) som mista livet då bilen hennar frontkolliderte med eit vogntog på Rv52 sør for Hemsedal.

Dødsulykka på Rv52 lagt bort

Ingen er å klandre for trafikkulykka på Rv52 der ei kvinne frå Hemsedal mista livet.

7. juni døydde Anita Riber (52) etter at bilen hennarfrontkolliderte med eit vogntog i ein slak sving på riksveg 52 sør for Ulsåk i Hemsedal.

– Saka er ferdig etterforska og me tilrår at saka blir lagt bort, seier regionlensmann Brit Fyksen. Det er på det reine at det var bilen til kvinna som kom over i feil køyrefelt, og at det ikkje er nokon andre å laste for dette. Det er påtaleadvokaten som avgjer endeleg, og det er sjeldan politiet blir overprøvd i slike saker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dermed vil ulykka venteleg heller ikkje få noko rettsleg etterspel.