Flå og Hemsedal, med færrast innbyggjarar, meiner det er urettferdig at dei må betale meir per innbyggjar enn andre kommunar. Rådmann Odd Egil Stavn var klar.
Flå og Hemsedal, med færrast innbyggjarar, meiner det er urettferdig at dei må betale meir per innbyggjar enn andre kommunar. Rådmann Odd Egil Stavn var klar.

Diskuterer kven som skal betale

I regionrådet er det stor usemje om korleis rekninga for fellestenester skal fordelast.

Konferansesalen til Thon Hotel på Flå var fredag fylt med usemje om fordelingsnøklane for interkommunale samarbeidsordningar. Det er i dag mange ulike samarbeid, med ulike kostnadsfordelingar.

Det får svært ulike utslag for store og små kommunar, om ein legg ein lik faktura på alle, eller om ein legg innbyggjartalet til grunn. Ulike kombinasjonar med like fastbeløp, og restsum delt etter folketal er i dag vanleg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kven skal betale kva?

Då regionrådet diskuterte saka fredag var eitt av forslaga å fordele etter inntektsnivået til dei ulike kommunane. Regionrådet sin vedtekne modell, med 30 prosent likt fordelt, og 70 prosent delt på innbyggjarar, gir alle kommunar større enn Nes ein fordel, mens mindre kommunar må betale relativt mykje meir.

– IKT eir eit godt døme. På området får me tre gonger så høge utgifter som enkelte andre kommunar, sa Odd Egil Stavn, rådmann i Flå. Han viste til at minikommunen må betale 33.000 i kostnad for kvar innbyggjar, mens Hol har ein kostnad på 13.000.

– Me må også hugse at småkommunar får meir inntekter for kvar innbyggjar enn store kommunar, sa Hallvor Lilleslett, ordførar i Gol, som elles meinte at vertskommunane må vere rause overfor andre.

Pluss og minus med vertskap

Barnevernssamarbeidet er eit anna døme der det er usemje om delinga av fellesrekninga. Rådmann i Ål Tone Tveito Eidsnes sa ho var glad for å vere vertskommune, men at vertskommunar også må bruke mykje ressursar på å vere nettopp det.

– Dersom det er så belastande å vere vertskommune, så må me få sjå rekneskap som viser det, repliserte Tor Magnussen, ordførar på Nes.

– Eg har liten tru på at me kjem til semje her i dag, sa Ål-ordførar Ivar Brevik like før debatten vart runda av.

Endringar på veg

– Me skal ikkje ha vedtak i dag, for det vil me ikkje få. Men alle må gå tilbake til sine kommunar og sjå på dette, sa Knut Arne Gurigard, dagleg leiar i regionrådet og saksførebuar.

Rådmannsutvalet skal sjå på saka til neste møte. Fredag var det ei drøftingssak, utan forslag til endring med det same, men det kan kome. Då kan det bli endringar for fleire av dei samarbeidsorgana hallingdalskommunane har i dag.