Ein mann frå Nes omkom i ein kollisjon på Rv7 ved Rustberggard Camping i Gol. Innsatsleiar er Odd Halvard Seterdal. Blant dei ti mest lesne artiklane på hallingdølen.no stammar tre av dei frå nettopp denne tragiske ulykka.
Ein mann frå Nes omkom i ein kollisjon på Rv7 ved Rustberggard Camping i Gol. Innsatsleiar er Odd Halvard Seterdal. Blant dei ti mest lesne artiklane på hallingdølen.no stammar tre av dei frå nettopp denne tragiske ulykka.

Dette klikka du på i 2017

Det har vore nær sju millionar sidevisingar på hallingdølen.no i 2017.

Me har sett nærare på kva saker som er mest lese på hallingdølen.no i året som snart er over.

Ifølgje trafikkanalysar hadde nettstaden 2,7 millionar besøkjande. Desse har vore innom i snitt 2,4 sider per besøk.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er ingen tvil om at det er alvorlege hendingar og ulykker som får flest til å klikke seg vidare.

– Det fortel oss at folk vil lesa nyheiter og at det er viktig med rask informasjon, særleg i dramatiske hendingar, seier utgåvesjef i Hallingdølen, Olav Johannes Bøthun.

To drap

Den tragiske ulykka på Rv7 ved Rustberggaard Camping i Gol stod for tre av dei ti mest besøkte artiklane på hallingdølen.no i år.

Mange las nyheita omdå ulykka skjedde denne maidagen.

Også oppfølgjaren om atmannen omkom momentant, ogartikkelen som fortalde kven den omkomne var då namnet var frigitt av politiet, hadde stor trafikk.

Dei to drapssakene i Nes og Flå var det også mange som ville lesa om.

Det var midt i juli at ein mann vart sikta for å ha drepe kjærasten på hytta i Gulsvik.

I januar vart ei kvinne funnen drepen i ei leilegheit i Nesbyen sentrum. Ein mann var sikta for drapet, stod det i artikkelen som vart lese av mange på hallingdølen.no.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fleire ulykker

Det skjedde fleire tragiske ulykker i Hallingdal i år. Blant anna har mange lese om turgåaren som fyrst vart meldt sakna og seinare funnen død, ved Skogshorn i Hemsedal i juli.

I mars døydde ein mann i 30-åra i ei arbeidsulykke i Gol då han kom i klem under ein lastebil.

Ein flåværing (24) omkom i ei utforkøyring med crossykkel i mai.

Sauetragedie

Det har vore fleire hendingar der hund har jaga og teke sau å beite i Hemsedal i år.Nyheita om at minst 15 lam døydde på grunn av ein laushund i juli skapte stor trafikk på nettsida til Hallingdølen.

At to gutar under 18 år vart sikta for valdtekt av ei jente i Hallingdal i september har også mange valt å lesa.

Her er dei mest besøkte artiklane i 2017

1. Bilførar omkom i kollisjon på Rv7 i Gol

2. Mann fortalde at kjærasten låg drepen på hytta i Gulsvik

3. Føraren omkom truleg momentant i kollisjonen på Rv7 i Gol

Artikkelen held fram under annonsen.

4. Kvinne funnen død i Nesbyen sentrum – ein mann sikta

5. Mann funnen omkomen ved Skogshorn

6. Ein mann omkom i arbeidsulykke på Gol

7. To menn sikta for valdtekt i Hallingdal

8. Ein mann omkom i ulykke med crossykkel i Flå

9. Minst 15 lam døydde å beite i Hemsedal på grunn av laushund

10. Namnet på den omkomne i kollisjonen på Rv7 i Gol er frigitt