– Det er ei litt deilig kjensle å gå fremst. Trommeslagaren er på mange måtar hjartet i korpset, seier Martin Persen stolt.
– Det er ei litt deilig kjensle å gå fremst. Trommeslagaren er på mange måtar hjartet i korpset, seier Martin Persen stolt.

– Dette er råkult!

25 raude og gule hattar marsjerer i takt over gangbrua til Geilo Idrettshall og stiller seg klare i botnen av bakken opp til skuleplassen. – Gjer dykk klare til å spela «Napoleons marsj», seier dirigent May Britt Solhaug Junger.

Dei glade musikantane i Geilo skolekorps har vore oppe sidan tidleg morgon, med fullt program. Frå flaggheising på Geilotun til frukost på Bardøla og kakekalas heime hjå dirigenten.

Blåsarane

No er dei klare for det verkeleg store showet, sjølve 17. mai-toget frå skuleplassen til Geilojordet. Og ikkje nok med det. Takka vere dugnadsånd og opptil fleire loppemarknadar stiller ungane med flunkande nye korpsuniformer.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er råkult, gliser Christian Kronstad.

Han står bakerst i korpset saman med Sander Thomsen Haga, Amalie Mæland Juvet, Leander Ryo Bergstad og Randi Bjørbekk Tryti Fossgård. «Eg kokar». Rett nok er dei nye uniformene råkule, meiner medmusikantane. Men kanskje litt varme. I tråd med dei siste dagars varierande vêrmeldingar stiller fleire av dei med tre lag klede, på oppfordring frå mor.

– Nei gje dykk. Me må tole varmen, det er ein del av gamet, parerer Christian.

– Hatten er litt stor, så eg må berre passe på så eg ikkje får den i auga. Slik som dette, seier Mari Helle Trillhus.
– Hatten er litt stor, så eg må berre passe på så eg ikkje får den i auga. Slik som dette, seier Mari Helle Trillhus.
Dei stråler i nye uniformer. F.v. Christian Kronstad, Sander Thomsen Haga, Amalie Mæland Juvet, Leander Ryo Bergstad og Randi Bjørbekk Tryti Fossgård.
Dei stråler i nye uniformer. F.v. Christian Kronstad, Sander Thomsen Haga, Amalie Mæland Juvet, Leander Ryo Bergstad og Randi Bjørbekk Tryti Fossgård.
Skuleplassen ved Geilo skole før avgang.
Skuleplassen ved Geilo skole før avgang.

Årets høgdepunkt

Trass alt gler dei seg stort til å gå i tog. Det er noko særskilt høgtideleg ved å vera korpsmusikant på nasjonaldagen. No gjeld det berre å få bukt med sommarfuglane i magen før toget skal gå.

– Me spelte under flaggheisinga på Geilotun i dag tidleg. Det var gøy og veldig spennande. Det er så høgtideleg å spela under ei slik flaggheising, fortel dei.

– Kva er det viktigaste å tenkje på når de spelar i toget?

– Å ha det moro og kose seg. Og la musikken spele høgt, smiler Christian. – Det er litt vanskeleg å marsjere i takt, lese notar og spele samstundes, for det ristar sånn i notestativet. Me må prøve å halde balansen, så me ikkje hamnar utanfor rekkja, legg han til.

Så bles dirigenten i fløyta, «gjer dykk klare». Sommarfuglane kan berre gå å legge seg, Geilo skolemusikkorps er sine nye uniformer meir enn verdig.