Ein såkalla U-bowl er årets nyheit i Uvdal skisenter.
Ein såkalla U-bowl er årets nyheit i Uvdal skisenter.

Dette er den fyrste i Norge

85 ski- og snøbrettfrelste reiser til Uvdal i helga

Ein såkalla U-bowl i Uvdal skisenter, er den fyrste i sitt slag i Norge. Dette er årets store trekkplaster i skisenteret, og kan opplevast no.

Det blir full rulle i øvst i Numedal i helga, for då blir Uvdal Shredit arrangert. Der deltek 85 utøvarar på ski og snowboard frå heile landet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Konkurranseformatet er spesielt, men populært. Det er nemleg ein videokonkurranse der ein filmar seg sjølv og andre gjennom heile helga. Den beste videoen vinn ein pengepremie.

Det er ope for alle, uansett alder og kjønn. Og det er to klassar: Freeski og snowboard.

Kven som vinn blir ikkje avklara i helga, deltakarane har ei veke på seg til å redigere bidraget sitt. Ei publikumsavstemming tel 1/3, resten er opp til ein fagjury.

Men det er altså fleire grunnar enn ein videokonkurranse til å reise til Uvdal i helga. Clinton Butcher og selskapet Shapecrew frå Geilo har saman med snowboardmagasinet Tacky.no ansvaret for parken på Uvdal i vinter. Dei har skapt ein heilt spesiell installasjon, ein såkalla U-bowl. Denne skal vera den fyrste i sitt slag i Norge.

Funksjonane er mykje det same som i ein halfpipe, men installasjonen er tett i enden slik at ein har mange fleire moglegheiter. Også her skal det konkurrerast i helga.

Det er geilomannen Rune Lundsør som arrangerer Uvdal Shredit, saman med snowboardmagasinet Tacky.no.

Lurar du på kva namnet "shredit" kjem av? Shred betyr å køyre hardt på brett, og i dette miljøet seier dei "edit" om små videosnuttar: Shredit.