NRK sitt sommartog på Flå stasjon. F.v. Lene Bråtejorde, Gunvor Østdal og Ragna Espegard.
NRK sitt sommartog på Flå stasjon. F.v. Lene Bråtejorde, Gunvor Østdal og Ragna Espegard.

- Det her er stort, nesten ikkje til å tru

Sommartoget blei tatt imot med flagg og opne armar på Flå stasjon.

Det var 17. mai-stemning i Flå då Sommartoget køyrde inn på stasjonen onsdag ettermiddag.

I åtte veker reiser Sommartoget til NRK rundt omkring i det langstrakte land. Sommartoget har minutt-for-minuttsendingar på dagtid, og på kveldstid er det livesendingar frå stasjonen dei besøker.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fylte opp

Lenge før Sommartoget kom til Flå, var stasjonen fylt opp av folk i alle aldrar. Vakter stod klare, flagga var med og stemninga var god.

Ein venninnegjeng på fire stod klare med flagg og breie glis:

– Me må vise oss fram når me fyrst får besøk i bygda, ler Ragna Espegard.

Mange møtte fram for å ta imot Sommartoget på Flå stasjon.
Mange møtte fram for å ta imot Sommartoget på Flå stasjon.
Programleiarane Haddy N’jie og Mikkel Niva.
Programleiarane Haddy N’jie og Mikkel Niva.
Karakterane Grisk og Gomle frå Bjørneparken sitt sommarteater møtte fram.
Karakterane Grisk og Gomle frå Bjørneparken sitt sommarteater møtte fram.

Dei fire venninnene frå Flå håpar på at bygda blir endå meir synleg etter besøket frå NRK. Dei tykte det var stas då toget kom.

– Det her er stort, det er nesten ikkje til å tru, fortel Guri Løken.

Dei var spente på kva kommunen hadde valt å vise fram til resten av Norge under direktesendinga «Sommeråpent» onsdag kveld.

Glade programleiarar

Programleiarane Haddy N’jie og Mikkel Niva i «Sommeråpent» var godt fornøgde med mottakinga i Flå.

– Det er rørande å sjå så mykje folk med flagg og bannerar og alle er så glad, seier Haddy N’jie.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er god å koma til fjells, meiner Mikkel Niva.

Programleiarduoen skulle ønske dei fekk meir tid på kvar stad. Bjørneparken skulle dei gjerne besøkt, men det blir det ikkje tid til.

Tema for onsdagens sending som startar 21.30 er korleis Flå plutseleg har fått så mykje sjølvtillit. Dyr og musikk blir også viktige ingrediensar.