Det har gått nye skred i terrenget bak garden til Rune Bøygard i Votndalen. Kommunen oppmoder folk om å sikre seg at smeltevatn renn der det skal.
Det har gått nye skred i terrenget bak garden til Rune Bøygard i Votndalen. Kommunen oppmoder folk om å sikre seg at smeltevatn renn der det skal.

Det har gått fleire nye ras i Votndalen

Det har gått fleire jordskred i det bratte terrenget i Bøygard i natt. - Det er enormt ustabilt der, seier rådmann Tone Tveito Eidnes.

- Det er ikkje heilt bra. Det har gått nye skred i natt, seier Rune Bøygard. Fredag morgon har han på ny politi og andre mannskap i tunet etter at det har gått nye jordskred bak garden hans.

Dei første skreda gjekk i 14-tida onsdag. Mildvêr har ført til kraftig snøsmelting i området og skredfaren er på ingen måte over ser det ut til.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er enormt ustabilt i Bøygard, seier rådmann Tone Tveito Eidnes. Ho har samla beredskapsgruppa i kommunen. Oppmodinga om at folk må sikre grøfter og stikkrenner gjeld framleis. Torsdag flauma vatnet over Nordbygdsvegen fordi det hadde funne nye vegar ut av ein bekk. Det måtte manuell dirigering til for at trafikken kunne passere. Ein bekk hadde tetta seg.

- Er det skredfare andre stadar også?

- Det er bratt andre stader og dyrka mark blir som ei myr. I området Bøygard er jorda metta av vatn og dermed ustabil. Me oppmodar folk om å sikre at vatn renn der det skal, men samstundes må dei vere forsiktige med å bevege seg i spesielt blaute område då det kan rase ut. Ein må i alle fall vere forsiktig med maskiner, seier rådmannen.

Slik såg skredområdet ut, sett frå Baklien, torsdag morgon, men etterpå har det gått nye skred.
Slik såg skredområdet ut, sett frå Baklien, torsdag morgon, men etterpå har det gått nye skred.

Les også: – Alle må sikre grøfter og stikkrenner