– Ein kan ikkje berre gå til psykolog og rekne med å bli frisk på eit blunk. Somme dagar er vanskelegare enn andre, slik vil det alltid vera, seier Anja Catrine Venås.
– Ein kan ikkje berre gå til psykolog og rekne med å bli frisk på eit blunk. Somme dagar er vanskelegare enn andre, slik vil det alltid vera, seier Anja Catrine Venås.

Derfor stiller ho opp på TV - heilt utan filter

Anja Catrine Venås (23) frå Gol er ein av åtte deltakarar i andre sesong av NRK-serien «Jeg mot meg».

LES OGSÅ: Bak maska

Dokumentarserien tek for seg tema ungdom og psykiske lidingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Episodane er bygd opp av videodagbøker frå deltakarane, i tillegg til intervju og opptak frå timar med gruppeterapi.

Fyrste sesong av serien vart ein så stor suksess at Rådet for psykisk helse svara med å tildele programleiar Peder Kjøs og dei åtte deltakarane Tabuprisen for 2016.

Filma i 12 veker

Måndag 3. september startar sesong to. Då får sjåarane møte åtte nye unge vaksne med ulike historier. Ei av desse er Anja Catrine Venås. Gjennom ein periode på fem månader har ho ved hjelp av eit lite videokamera dokumentert både opp- og nedturar i livet sitt.

I NRK-serien «Jeg mot meg» møter me åtte unge vaksne, på eiga hand og i gruppeterapi.
I NRK-serien «Jeg mot meg» møter me åtte unge vaksne, på eiga hand og i gruppeterapi.
Øvst f.v. Lynneth (18) frå Trømborg, Jamal (25) frå Oslo, Mariann (23) frå Ørsta, Amund (23) frå Stjørdal. Nederst f.v. Fredrik (24) frå Trondheim, Susanne (18) frå Grimstad, Torkel (25) frå Bergen og Anja Catrine (23) frå Gol.
Øvst f.v. Lynneth (18) frå Trømborg, Jamal (25) frå Oslo, Mariann (23) frå Ørsta, Amund (23) frå Stjørdal. Nederst f.v. Fredrik (24) frå Trondheim, Susanne (18) frå Grimstad, Torkel (25) frå Bergen og Anja Catrine (23) frå Gol.
Anja Catrine Venås (23) frå Gol er ein av åtte deltakarar i sesong to av NRK-serien «Jeg mot meg».
Anja Catrine Venås (23) frå Gol er ein av åtte deltakarar i sesong to av NRK-serien «Jeg mot meg».

– I starten kjentest det veldig rart, sjølv om eg eigentleg er van med å vera framfor kamera. Eg visste fyrst ikkje kva eg skulle seie, men ein blir van til det, fortel ho.

Bak maska

Mange kjenner Anja Catrine Venås som ei driftig ung kvinne. Som mange andre ungdommar flytta ho ut av Hallingdal for å gå på skule og kjenne på bylivet. Akkurat no er ho student, og bur i Bergen. Der tek ho siste året på ein bachelorgrad innan PR og marknadskommunikasjon. Men mest kjent er ho for blogginga si og instagramkontoen @xanjac der ho har rundt 65.000 følgjarar.

Etter ein kjapp titt sit ein att med kjensla av at ho lever eit glamorøst liv med sponsorar, glitrande festar og fine klede. Kvardagen er likevel annleis. I fjorårets utgåve av Hallingdølens haustmagasin prata ho om mobbing, fordommar og eksponering i sosiale medium. Ho fortalde også om korleis ho sjølv baskar med cyklotymi, ein undergrad av bipolar liding.

– Eg søkte om å få vera med på «Jeg mot meg» i fjor. Det var etter ein vanskeleg periode der alt kjendest fælt. Berre tittelen var passande for det eg følte.

Irritasjonsmoment

Opptaka ho filma sjølv vart gjennomgått av serieskaparane kvar veke. Deretter fekk ho ein e-post med tilbakemeldingar på alle filmklipp, og ting ho burde prate meir om. I gruppeterapi med psykolog Peder Kjøs og dei andre deltakarane vart ho i større grad enn nokon gong tidlegare nøydd til «å opne opp».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Sjølv om eg føler eg er ganske open, så er nokre ting vanskelegare å prate om enn andre. Eg kan godt seie at eg har ein bipolar diagnose, og at livet generelt går opp og ned. Djuptliggjande problem klarar eg ikkje å prate om. Eg gjekk i gruppeterapi for nokre år sidan og hata det, fordi eg ikkje likar å ta ordet. Eg er redd for å vera eit irritasjonsmoment for nokon. Med bloggen blir det annleis, for der kan folk velje å lese vidare eller ikkje, forklarer ho.

Om å vera redd

Ho meiner ho har hatt nytte av å delta i serien. Både e-postane med tilbakemeldingar og timane med gruppeterapi har vore til hjelp. Redaksjonen sat att med fleire hundre timars videomateriale då TV-serien skulle klippast.

Venås og dei andre deltakarane har alt sett heile serien. Dei veit korleis dei blir framstilt. Det er likevel ikkje berre-berre å vite at kjende og ukjende skal sjå ein på det mest sårbare.

– Eg er redd for at folk ikkje kjem til å forstå at det ligg mykje meir bak klippa enn dei ser på TV. Eg er redd for at folk skal misforstå og bli sinte. Dette handlar ikkje om å hemne meg over ting som har skjedd til dømes heime på Gol. Det er mange faktorar som har gjort at eg har det slik eg har det. Eg må opne opp og prate om ting for å få det betre.

Har ein stemme

Før ho melde seg på, følte ho at ho hadde prøvd alt. Ho veit korleis det er å kjenne seg åleine med eigne problem, og kor vanskeleg det kan vera å prate om ting. Kanskje kan Anja og dei andre i «Jeg mot meg» gje andre unge vaksne historier dei kan kjenne seg att i.

– Eg er ekstremt glad for at eg vart med på dette. Ein kan ikkje berre gå til psykolog og tru ein blir frisk på eit blunk. Somme dagar er vanskelegare enn andre, slik vil det alltid vera. Kanskje hadde eg kjent meg mindre einsam om eg hadde hatt ein slik serie som dette, med historier eg kunne kjenne meg att i. Eg håpar eg med mi historie kan bidra til at folk tør å vera meir opne, seier ho.