Tore Ness frå Gol fekk mailen sin hacka av svindlarar måndag morgon.
Tore Ness frå Gol fekk mailen sin hacka av svindlarar måndag morgon.

Denne mailen er falsk

Måndag morgon vart gmailen til Tore Ness i Gol utsett for hacking.

Mailen du fekk frå Ness måndag morgon, er falsk. Han er ikkje vorten fråstole veska si. Han er ikkje i Glasgow. Han er ikkje i Skottland i det heile tatt. Han har ikkje mista pengar, pass eller telefon. Han treng heller ikkje låne 1700 pund for å ordne opp og kome seg tilbake til Norge.

Rappa mailkontoen

– Eg sjekka mailen min før eg drog på jobb måndag morgon. Då var alt normal. Då eg kom på jobb, fekk eg ein telefon av ein venninne, fortel Ness. Ho hadde ein mistanke om at noko var gale då ho fekk ein desperat mail frå vennen om å låne pengar. Ikkje minst stussa ho over alle skrivefeila i e-posten. Ho er ikkje den einaste som har fått mail.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alle eg har skrive mail til dei siste par-tre åra har sikkert fått han, seier ein oppgitt Ness. Gmail-kontoen var nemleg hacka av svindlarar. Truleg har alle i adresselista fått mail frå svindlarane. Lag og organisasjonar, jobbforbindelser og private forbindelsar.

Helt gresk

– Kva gjer du no?

– Godt spørsmål. Eg er ikkje datakunnig, men heldigvis har eg fått hjelp av ein kar i optikar-systemet. Eg logga meg jo inn på kontoen, og skjønte ikkje eit ord av kva som stod der, fortel Ness. På mailkontoen var det skrive på arabisk eller kinesisk – i alle fall var det heilt gresk for Tore Ness. Den datakunnige vennen fekk passordet og logga seg inn. Han fekk forandra teksten til norsk att – og forandra passordet sjølvsagt også.

Tore Ness
Tore Ness

– Alle som svarte på denne mailen er vidaresendt til ein yahoo-mail. No må me jobbe med å gjenopprette mailkontoen min. Alle mailane eg hadde frå før er nemleg borte, seier ein oppgitt Ness. No bytter han passord på alt han har. Han har vore i kontakt med banken, og heldigvis ser det ikkje ut til at noko er borte der. Men passorda blir bytta for sikkerheits skyld.

Bytt passord

Ness har ikkje like passord på dei forskjellige kontoane sine, heldigvis. Han oppfordrar andre til å nytte forskjellige passord. Svindlarane brukte nemleg hans passord for å kome seg inn på mailen. Ikkje veit han kor dei har fått det ifrå.

– Eg skreiv ei åtvaring til alle på Facebook også, om at denne mailen var falsk, fortel Ness.

– Me er jo nesten alltid pålogga, på telefon, datamaskin og iPad. Det kan då vere lett for svindlarar å kome seg inn. Difor må folk hugse å logge av, oppfordrar han. Han skal i løpet av dagen kontakte politiet for å høyre om det er noko han bør gjere.

– Eg trudde jo ikkje at dette kunne skje meg. Men jaggu gjorde det det, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tore Ness seier viktig å ta kontakt med folk som kan data når det oppstår noko slikt. Då får ein hjelp fort.

– Det er ei skrekkoppleving. Og eg må berre beklage til dei som har fått ein slik e-post av meg, seier han.