Tunhovd Mosesenter har drive foredling av mose sidan tidleg på 80-talet. F.v. Ragna Kristin Levorsen. Biletet er frå hausten 2013. (Arkivfoto)
Tunhovd Mosesenter har drive foredling av mose sidan tidleg på 80-talet. F.v. Ragna Kristin Levorsen. Biletet er frå hausten 2013. (Arkivfoto)

Den siste moseplukkaren

No er det slutt for Tunhovd Mosesenter.

Bedrifta som tidlegare heitte Tunhovd Produkter har frå tidleg på 80-talet levert kransar av kvitt gull til små og store blomsterhandlarar.

– Me har tenkt på å gje oss i eit par år no, seier styreleiar Ole Jørgen Hallingstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

No er nedlegginga eit faktum og dei gamle lokala står tomme.

– Naturleg avslutning

Næringa har endra seg. Det har blitt stadig vanskelegare å få fatt i arbeidskraft. Dei seinaste åra har Tunhovd Produkter hatt to produksjonsarbeidarar og ein moseplukkar. Produksjonen har ligge på rundt 18.000 kransar i året.

– Dei to som har sitte i produksjonshallen har gått av med pensjon. Me sat att berre med moseplukkaren. I 2014 og 2015 leigde me inn eit par utanlandske arbeidarar som tok unna noko av produksjonen, fordi me hadde så mykje mose å lage kransar av.

– Eg må seie at eg synest det er litt vemodig at det endar på denne måten, seier Ole Jørgen Hallingstad, styreleiar i Tunhovd Mosesenter AS.
– Eg må seie at eg synest det er litt vemodig at det endar på denne måten, seier Ole Jørgen Hallingstad, styreleiar i Tunhovd Mosesenter AS.
Moseplukking har i mange år vore ei historisk, viktig og noko omtalt attåtnæring i Tunhovd. Mosekrigen i Tunhovd 1990 – faksimile frå Hallingdølen 7. august 1990.
Moseplukking har i mange år vore ei historisk, viktig og noko omtalt attåtnæring i Tunhovd. Mosekrigen i Tunhovd 1990 – faksimile frå Hallingdølen 7. august 1990.
Dei seinaste åra har Tunhovd Mosesenter hatt to tilsette på produksjonsgolvet, og ein moseplukkar. Framme f.v. Turid Pedersen og Ragna Kristin Levorsen (Alle
Dei seinaste åra har Tunhovd Mosesenter hatt to tilsette på produksjonsgolvet, og ein moseplukkar. Framme f.v. Turid Pedersen og Ragna Kristin Levorsen (Alle
Det fanst ei tid der moseplukking var ein sjølvsagt aktivitet i Tunhovd. No må den lokale foredlaren leggjast ned. Ingen vil ta over drifta.
Det fanst ei tid der moseplukking var ein sjølvsagt aktivitet i Tunhovd. No må den lokale foredlaren leggjast ned. Ingen vil ta over drifta.

For dårleg omsetning

– Har de forsøkt å rekruttere, eller berre kapitulert?

– Me har ikkje prøvd så hardt. Det var ein som kanskje kunne tenkje seg å begynne, men det vart det ikkje noko ut av. Me må ha større omsetning skal me få det til å rundt. Til slutt fann me ut at det luraste rett og slett var å gje seg, seier Hallingstad.

– Vemodig

Hallingstad har vore med i føretaket sidan starten. Han seier det er med vemod han no set kroken på døra. Men det var ikkje anna å gjere enn å sjå sanninga i kvitauget. Det er styreleiaren klar på.

– Sjølv synest eg det hadde vore greitt å prøve å halde det i gang. Men mange små kundar gir dårleg omsetning og mykje ekstraarbeid. Det er litt trist å måtte avslutte på denne måten, men det er like greitt å avslutte før det går for langt. Å drive vidare med innleigd arbeidskraft frå utlandet blir feil. Heile formålet med selskapet var å skape arbeidsplassar for lokale folk.

Historisk attåtnæring

Moseplukking har vore attåtnæring i Tunhovd frå tidleg på 50-talet. Tunhovd Produkter AS vart oppretta i 1984 med mål om å foredle mose. Seks år seinare var striden om kvitkrullen så stor at ein gjeng lokale ungdommar enda opp på legevakta etter ein samanstøyt med andre moseplukkarar. Meininga var at lokale plukkarar skulle levere mosen til den lokale foredlaren, ikkje andre.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein gong i tida var moseplukking skikkeleg industri her. Me sende mose til Tyskland med jernbanevogner. «Alle» var ute å plukka. No er det heilt uinteressant for folk å gå ut i skogen og plukke mose, fastslår Hallingstad.

Ei anna tid

– Kanskje brukar folk naturen på ein anna måte no? Eg veit ikkje. Men eg trur han som plukkar mose no blir den siste moseplukkaren i Tunhovd. I stor stil, i alle fall, fortset han. – No skal alt vera lettvint. Før kunne folk køyre eit stykke med bil, før dei tok med seg nokre former ut i skogen og plukka. No vil folk helst køyre heile vegen fram, og alt må hentast med traktor eller firhjuling. Då blir leveringa fort kostbar.

– Men det finst framleis nok av mose i Tunhovd?

– Mose vil det alltid vera, om ikkje reinen frå Norefjell kjem og et den opp. Og moseplukkaren kjem nok til å halde fram, seier Hallingstad.