Ein mann i tjueåra drap kjærasten sin, før han kolliderte med bilen sin på Rv 7 i Gulsvik. Kripos vart kalla inn for å bistå i etterforskinga. Her er dei på veg inni hytta.
Ein mann i tjueåra drap kjærasten sin, før han kolliderte med bilen sin på Rv 7 i Gulsvik. Kripos vart kalla inn for å bistå i etterforskinga. Her er dei på veg inni hytta.

Den sikta meiner han drap utan motiv

Mannen som er sikta for å ha drepe kjærasten sin på familiehytta på Flå 18. juli er klar for å forklare seg på ny.

Politiet håpa på avhøyr alt sist veke, men dette var ikkje avklara med klienten, seier forsvarar Sindre Løvgaard.

– Men han er klar for å forklare seg no.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Kva seier de om politiet sin teori om motiv for drapet?

– Klienten meiner det ikkje er noko motiv. Drapet er ei uforståeleg handling. Det får bli opp til etterforskinga å finne motiv, seier Løvgaard.

Det var 18. juli at mannen tok livet av sambuaren sin under ein hyttetur i Flå. Paret frå Rygge i Østfold skulle etter planen reise heim dagen etter. Den sikta er varetektsfengsla.

Ein nær ven av familien til den drepne har til Moss Avis sagt at dei ikkje hadde indikasjonar på at noko var gale mellom sambuarane.