Kripos vart kalla inn for å bistå i etterforskinga.
Kripos vart kalla inn for å bistå i etterforskinga.

Den sikta fekk utsett nytt avhøyr

Forsvararen til den sikta 25-åringen etter hyttedrapet på Flå vil sjå gjennom dokument før nye avhøyr.

Påtalemyndigheita hadde denne veka ambisjonar om å gjennomføre eit nytt avhøyr av den sikta 25-åringen etter hyttedrapet på Flå, men no er det utsett på ubestemt tid.

– Det var planen, men det er utsett. Forsvararen og den sikta vil ha tid til å gå gjennom klausulerte dokument først. Det er ikkje sett nokon ny dato for avhøyr, seier Per Thomas Omholt, politiadvokat i Sør-Øst politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er fleire spørsmål i saka der den 21 år gamle Alexandra Therese Nilssen vart drepen på ei hytte på Sørbølfjell 18. juli. Ei blodprøve, tatt av sambuaren etter at han kolliderte på Rv7 kort tid etter drapet skal ha funne stad, er eitt av dei. Eventuelt drapsvåpen og motiv er andre.

– Me ønskjer ikkje å kommentere dette no, seier Omholt.

Politiet sa relativt tidleg at dei har ein teori om kvifor sambuaren tok livet hennar, men den sikta meiner teorien er feil.

Førre fredag vart den sikta 25-åringen varetektsfengsla i fire veker, to av dei i full isolasjon. Han har dessutan brev-, besøks- og medieforbod i heile perioden.

Forsvarar Sindre Løvgaard sa dette til NTB etter fengslingsmøtet.

– Me har registrert at politiet har ein teori om eit motiv som dei etterforskar. Me er kjent med den teorien, men klienten min meiner at teorien ikkje stemmer.

Løvgaard meiner drapet mest truleg vart utløyst på grunn av helsetilstanden til den sikta. Det er bestilt ein rettspsykiatrisk rapport som er meint å kaste lys over helsetilstanden.