Nødetatane rykte ut etter arbeidsulykka.
Nødetatane rykte ut etter arbeidsulykka.

Den omkomne var frå Ungarn

Den 37 år gamle mannen som omkom i ei arbeidsulykke i Gol onsdag, var frå Ungarn.

Mannen var i gang med reparasjonsarbeid på ein lastebil i firmaet han var tilsett i, då ulykka skjedde.

– Han var åleine i verkstaden. Noko har gjort at han vart klemt under lastebilen, seier politiinspektør i Sør-øst politidistrikt, Bjørn Erik Sem-Jacobsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ulykka skjedde litt før klokka 16 onsdag ettermiddag. Då ulykka vart oppdaga, vart alle nødetatar og luftambulansen varsla. Livreddande førstehjelp vart sett i gang.

– Mannen vart frigjort, men han vart raskt erklært død på staden. Han er rutinemessig sendt til obduksjon, seier Sem-Jacobsen.

Politiet og Arbeidstilsynet etterforskar saka. Spørsmålet er korleis dette kunne skje. Førebels har verken politiet eller Arbeidstilsynet klare svar.

– Me etterforskar om dette var uflaks eller om det er noko som kunne vore annleis. Det er to moglege utfall. Anten var det hans eigen feil eller så kan andre bebreidast. Men me vil vite meir når Arbeidstilsynet har gjort arbeidet sitt, seier Sem-Jacobsen.