Hemsedal manglar kring 100 senger til sesongarbeidar før komande sesong fordi næringa ikkje klarte å finne millionane som måtte til for å erstatte geitrams på denne tomta med eit modulbygg med bustader
Hemsedal manglar kring 100 senger til sesongarbeidar før komande sesong fordi næringa ikkje klarte å finne millionane som måtte til for å erstatte geitrams på denne tomta med eit modulbygg med bustader

Dei som manglar bustad no vil slite

100 sesongarbeidarar manglar truleg bustad i Hemsedal komande vinter. Næringslivet kom ikkje i mål med alternativ til Såta-brakkene.

Eigaren av bustadbrakkene for hundre sesongarbeidarar på Såta i Hemsedal har fått varsel om dagbøter dersom riggen ikkje blir fjerna.

Fleire år med oppmodingar til næringa om å etablere alternativ har ikkje ført fram. Dermed blir eit hundretals sesongarbeidarar no skuvd ut på privatmarknaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mange har deltidsstillingar og har ikkje råd til å betale marknadsleige, seier Erik Bringner, dagleg leiar i IDP Hemsedal (Innkjøp & Driftspartner AS). Han fryktar det kan bli vanskeleg å finne husrom til 15–20 sesongarbeidarar.

Bustadprisane aukar

Det gjer ikkje jakta lettare at bustadmangelen også ser ut til å gi prisauke, frå normalt 4–5000 kroner i månaden per sengeplass, til opp mot 7.500, pluss straum.

– Eg trur dei som ikkje har fått ordna bustad til sine tilsette no vil få problem. Det er lite ledig til leige, seier Richard Taraldsen, dagleg leiar i Hemsedal turisttrafikklag.

AS Trevaren har sikra tak over hovudet for alle sine tilsette, blant anna gjennom denne brakkeriggen, berre nokre steinkast frå Såta – som kommunen har bestemt skal bli fjerna.
AS Trevaren har sikra tak over hovudet for alle sine tilsette, blant anna gjennom denne brakkeriggen, berre nokre steinkast frå Såta – som kommunen har bestemt skal bli fjerna.

Kommunen har sett av eit område til bustadbygging for sesongarbeidarar. Etter fleire år med åtvaringar om at Såta må bort, meiner ordførar Oddvar Grøthe (Sp) næringa burde løyst problemet.

– Næringa har sett behovet, men har ikkje klart å løyse det. Det må dei, seier han.

– Ingen kan byggje før sesongstart i år?

– Nei, og eg ser at det kan bli vanskeleg for enkelte bedrifter. Det legg ekstra press på dei om å finne ei løysing, seier han.

Vil byggje for 90 mill. neste år

Det vart arbeidd med å kome i gang med ein reguleringsplan på vårparten, men det stranda på finansiering. Næringa klarte ikkje kome opp med dei nødvendige 70–90 millionane som må til. Planen er 48 einingar, med til saman hundre rom i eit første steg, med rom for utvidingar med fleire bygg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me håpar å kunne starte bygging av eit modulbygg neste år, seier Taraldsen.

Men enn så lenge vil det mangle kring hundre sengeplassar, tilsvarande det Såta gav.

– Kva løysingar ser du for deg for årets sesongarbeidarar?

– Slik eg ser det er alternativa at fleire må bu saman, etter at ein kan opne Såta for endå ein vinter. Me prøvde men kom ikkje i mål.

– Vil gi dårlegare kvalitet

AS Trevaren er blant dei som har bustad til alle sine tilsette. Dei har også etablert ein brakkerigg på Holdebakken. På grunn av engasjementet dei har for Storelia Holding AS på Skigaarden har dei for tida 30 årsverk i sving.

– Me er sjølvforsynt med bustader for arbeidarane, men også vår rigg står berre mellombels, seier Tor Albrigtsen, i Lærdals-verksemda. AS Trevaren har fått mange spørsmål om husrom, men bygget er fullbooka.

IDP AS har også sikra husrom til sine 15 «faste» sesongarbeidarar, men ikkje dei som blir rekruttert nye i år.

– Me må tilby både jobb og bustad. Hemsedal er kjent som ein bra stad, der ein kan bu nær arbeidsplassen. Dersom ein må lenger bort blir det dårlegare kvalitet. Ikkje alle har bil. Eg er litt uroleg no, seier Erik Bringner.