Geilo Skisenter bytter namn til SkiGeilo.
Geilo Skisenter bytter namn til SkiGeilo.

Bytter namn til SkiGeilo

I mars fekk Geilo Skisenter nye eigarar. No bytter det namn også.

Det gamle marknadsnamnet Geilo Holiday blir no bytta ut med SkiGeilo.

– For mange er orda ski og Geilo dei to orda du søker etter når du drøymer om skiferie på Geilo. Derfor er SkiGeilo eit enkelt og presist namn for kommersiell bruk i all marknadsføring nasjonalt og internasjonalt, seier sals- og marknadsansvarleg i Geilo Holding AS, Kevin Eikrehagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Geilo Holding AS er eigd av Arne Pålgardhaugen og Ivar Tollefsen gjennom deira to selskap Kikut Eiendom AS og Fredensborg AS.

I mars kom nyheita om dei to kjøpte Geilo Skisenter AS frå dei mangeårige eigarane som Lorentzen-familien og Bertel O. Steen. Med oppkjøpet av Geilo Skisenter AS er Geilo Holding ein sentral aktør som skal samle utvikling av eigedom, næring og skiheisar på Kikut, i Vestlia, Havsdalen og Geilohovda. Målet er å gjenreise Geilo som ein topp alpindestinasjon. Namnebytet er ein del av denne planen.