Kjerstine Eidsgaard har fleire års erfaring frå vaskeriet til VINN. – Eg har erfaring med dei fleste arbeidsoppgåvene, men eg jobbar med å bli meir sjølvstendig, seier ho.

Brettar tøy og byggjer sjølvtillit

– Eg har sett ei ny side ved meg sjølv. Eg klarar mykje meir enn eg først trudde.

Kjerstine Eidsgaard (22) står i vaskeriet på Vinn med eit konsentrert uttrykk i fjeset. Ved sida av seg har ho ein pose med nyvaska helseuniformer. Eitt etter eitt blir dei våte plagga tredd over eit spesiallaga tørkeapparat som tørkar tøyet mens det blir strekt ut. Til slutt legg Eidsgaard finishen med strykejernet før ho henger tøyet fint på ein kleshengar.

– Det er godt miljø og snille folk å prate med. Når eg står med strykejernet, må eg konsentrere meg. Då kan eg ikkje prate, men når eg står ved rulla, er me to i lag. Det er triveleg, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eg likar kanskje aller best å jobbe på kjøkken. Og det er jo også dét eg har utdanna meg til.
Kjerstine Eidsgaard (22)

I meir enn 25 år har Vinn vore ein arbeidsplass som gir tilbod om tilrettelegging. Her kan folk få jobbe i sitt eige tempo og få oppgåver som er tilpassa eigne behov. Enkelte treng tilrettelegging av arbeidsoppgåvene heile tida, men for fleirtalet er Vinn eit steg på vegen til jobb i ei vanleg bedrift.

Kjerstine Eidsgaard tek ein etter ein av dei våte helseuniformene og trer plagget over eit spesiallaga tørkeapparat som bles seg opp slika at tøyet blir strekt ut.

22-åringen har utdanning frå restaurant- og matfag på Gol vidaregåande skule. Etterpå fekk ho læretid i kantina på skulen og i vaskeriet på Vinn. To år med læretid vart avslutta med eit kompetansebevis. No er det to år sidan ho var ferdig, men Eidsgaard er framleis i jobb, to dagar i kantina og tre dagar på Vinn. På Vinn jobbar ho i vaskeriet, driv med reinhald av kontor og har kantinearbeid.

– Eg likar kanskje aller best å jobbe på kjøkken. Og det er jo også dét eg har utdanna meg til, seier ho.

Fyrste trinn på karrierestigen

– Mange trur at Vinn er tilrettelagde arbeidsplassar for utviklingshemma. Ja, me er det òg, men dette er berre ein liten del av totalen. Vinn er for folk flest. Det er mange som i ein periode kan ha behov for tilrettelegging på grunn av vond rygg eller andre helseplager. For mange er Vinn eit trinn på karrierestigen vidare, seier dagleg leiar Lisbeth F. Skølt. Kvar dag er det meir enn 70 personar som går på arbeid under Vinn-paraplyen. Bedrifta gir arbeidstrening og hjelp til å kvalifisere seg til anna arbeid. Av dei som var innom for å få hjelp til å finne seg ein jobb i fjor, gjekk 70 prosent ut i anna arbeid etterpå.

– Vaskeriet er ein arbeidsplass som er veleigna til å drive med tilrettelegging. Her er det eit stort spenn frå enkle til komplekse arbeidsoppgåver, seier Skølt.

Ytre og indre meistring

Kjerstine Eidsgaard opplever at ho har utvikla seg gjennom jobben.

– I starten lærte eg nye ting i vaskeriet. No har eg erfaring med dei fleste arbeidsoppgåvene, men eg jobbar med å bli meir sjølvstendig, seier ho. – Før følte eg at eg ikkje meistra nokon ting. Eg har sett ei ny side ved meg sjølv. Eg klarar mykje meir enn eg først trudde. Og så har eg blitt modigare til å prate med folk.

Helseinstitusjonar er storkunde hjå vaskeriet til VINN. Kjerstine Eidsgaard stryk uniformene.

– Kor er du om fem år?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Draumen er å finne ein arbeidsplass der eg trivst så godt at eg vil bli der heile livet. Eg ser ikkje bort frå at det kan vere Vinn, men eg er også open for å jobbe andre plassar, i butikk eller på kjøkkenet på eit hotell. Eg blir her til eg har bestemt meg for kva eg skal gjere med livet mitt. Det eg likar med Vinn er at eg har ein plass å gå til. Eg har folk å snakke med og mange varierte arbeidsoppgåver, seier ho.

Slurvar ikkje med kvaliteten

At Vinn er ein tilrettelagt arbeidsplass betyr ikkje at det blir slurva med kvaliteten på vaskeriet.

Det kan bedrifta dokumentere. Det er strenge retningsliner for handhygiene, arbeidsklede, reinhald av lokale, maskiner og utstyr ved norske vaskeri. Kvar veke blir det tatt bakterieprøvar og anlegg for såpe og kjemikaliar blir testa. Avvik frå prosedyrane skal bli notert og retta opp. Norske Vaskeriers Kvalitetstilsyn (NVK) sjekkar at vaskeriet jobbar i tråd med bransjestandarden og kjem på tilsyn fleire gonger kvart år.

Sist veke vart det høgtid og kakefeiring på Vinn då vaskeriet vart tildelt diplom. Kravet for å få diplom er eit snitt på minimum 6,9 av 7 på NVKs kvalitetsskala. Av 60 medlemsbedrifter var det berre fem som klarte dei skyhøge krava. Vaskeriet på Vinn var eitt av desse.

* Etablert i 1989 og eigd av dei seks kommunane i Hallingdal.

* Opplærings-, kompetanse- og ressurssenter for personar som er utan arbeid eller som treng tilrettelagt arbeid.

* Til saman 18 tilsette ved avdelinga i Hol og hovudkontoret og avdelingane i Gol.

* Varierte arbeidsoppgåver: vedproduksjon, produksjon av tremøblar, vaskeri, tekstilavdeling, trekking av møblar, serviceavdeling som tek ryddeoppdrag, og avdeling som pakkar og leverer «Jobbfrukt».

* Årleg er kring 150 hallingar innom i kortare eller lengre tid.

* Samarbeider med NAV og næringslivet i Hallingdal.