Det brann så kraftig at brannmannskapa måtte konsentrere seg om å hindre at brannen spreidde seg.
Det brann så kraftig at brannmannskapa måtte konsentrere seg om å hindre at brannen spreidde seg.

Brann i bustadhus - ingen personar skadd

Måndag kveld brann eit bustadhus på Robru i Gol.

Politiet og brannvesenet fekk melding om brannen klokka 19.18 måndag. Dei rykte ut med fullt mannskap.

Då dei kom fram, brann det kraftig i huset.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ingen skadde

Ingen personar kom til skade i brannen. Folk Hallingdølen har snakka fortel at det ikkje var nokon personar inne i huset då det begynte å brenne.

Utover kvelden brann det kraftig i huset, og slokkingsarbeidet pågjekk for fullt. Det var full overtenning, opplyste operasjonssentralen i i sør-øst politidistrikt måndag kveld.

Ved Fv244

Bustadhuset ligg ved Fylkesveg 244 tett ved avkøyringa frå Rv52 på Robru.

Brannmannskapa på plass og i gang med sløkkingsarbeid.
Brannmannskapa på plass og i gang med sløkkingsarbeid.

Huset står for seg sjølv i eit skogsområde. Brannmannskapa let huset brenne kontrollert ned, samtidig som ein sikra at brannen ikkje skulle spreie seg.