Håvard Bøkko fekk det tungt på 10 000-meteren i Pyeongchang.
Håvard Bøkko fekk det tungt på 10 000-meteren i Pyeongchang.

Bøkko nest sist

- Det er folk som går veldig fort her, så det blir litt avstander, oppsummerte Håvard Bøkko etter 10.000-meteren i Pyeongchang.

Bøkko var einaste norske deltakar på 10.000-meteren torsdag. 

I andre par fekk høværingen tøff motstand frå canadiske Jordan Belchos. Han opna på 35.21, og gjekk jamt midt på 31-talet til det var 2000 meter att av løpet. Derfrå og ut gjekk han på 32, 39 - 32,18 - 32,16, 32,26.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sisterunden på 32.64, sørga for at Bøkko til slutt enda på 13,17.47.  Til slutt vart Bøkko nummer elleve av dei tolv som gjekk distansen. Han var 37, 78 bak den nederlandskfødde canadiaren Ted-Jan Bloemen, som tok OL-gullet etter å ha sett olympisk rekord på 12:39.77. Nederlendaren Jorrit Bergsma tok sølv og italienske Nicola Tumorelo tok bronse. 

Noko overraskande vart det berre sjetteplass på den nederlandske favoritten, Sven Kramer. Nederlendaren hadde ein tung dag på isen, og vart slått med 21 sekund av Bloemen.

- Det var tungt. Eg prøvde å gå jamt og billig i starten, men fekk det litt på slutten. Det vart fortare tungt enn eg hadde håpa på, sa Bøkko etter milløpet.

- Eg hadde håpa på 13.10-13.15, så det var ikkje heilt skivebom utfrå det som var planen. Folk som  går veldig fort her, så det blir litt avstandar, meinte han.

På spørsmål om ankelskaden han pådrog seg sist helg pregar han, svara Bøkko.

- Eg må ta betennelsesdempande smertestillande medisin for å halde skaden i sjakk, men det er ikkje store greier. Eg håpar det blir betre dei neste dagene. 

Bøkko har hatt lagtempo som eitt av måla under OL, men er no inne som reserve. 

- Eg er klar neste onsdag, om dei treng meg.  Då gjer dei forhåpentlegvis jobben dei som går sundag, og går vidare frå kvalifiseringa. Det har eg tru på at dei klarer, avslutta han.