Bjørnen søv ikkje, og er ute av vinterdvalen. Bjørneparken i Flå opna for ein ny sesong laurdag i palmehelga.
Bjørnen søv ikkje, og er ute av vinterdvalen. Bjørneparken i Flå opna for ein ny sesong laurdag i palmehelga.

Bjørnen søv ikkje lenger og Bjørneparken er open

Bjørneparken i Flå opna sesongen laurdag. Til sommaren kjem også ulven.

Det er ein forsiktig start på årets Bjørnepark-sesong i Flå, med kring 150 besøkande kort tid etter at dørene opna laurdag.

– Det handlar mest om å opne parken og kome i gang, seier Kees Oscar Ekeli, direktør i Bjørnerparken til Hallingdølens utsende.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men påska har vist seg å gi bra trafikk. Langfredag i fjor var det åleine 1200 innom for å sjå bjørnane som vaknar til liv etter vinterdvalen.

– Me ventar trykk i påska. Det er høgtid i parken, seier Ekeli.

Det er for tida fem bjørnar, og ingen nye bjørnungar i år, sjølv om dei yngste framleis er unge.

I naturen er det forbod mot mating av hjortevilt i vinter, men i parker er det lov.
I naturen er det forbod mot mating av hjortevilt i vinter, men i parker er det lov.
Kring 150 betalande gjester var rask på labben då Bjørneparken i Flå opna for ein ny sesong laurdag
Kring 150 betalande gjester var rask på labben då Bjørneparken i Flå opna for ein ny sesong laurdag

Parken har fått fleire løft dei siste åra. For to år sidan opna eit krokodilleland, og i fjor kom det ein berg- og dalbane. Fjoråret sette også ny publikumsrekord, med nærare 80.000 besøkjande.

I år blir det jobba med ei ny utviding, med ei eiga innhegning til tre svenske hannulvar. Det er planen å ha alt klart til 1. juni.

Målet er sjølvsagt fleire besøkande.

– Me har auka kvart år sidan 2014, og håpet er å gjere det same i år, seier Ekeli.