Marit Bjørgen, Therese Johaug og Emil Hegle-Svendsen fekk ikkje gått Skarverennet, men trassa motvinden på Kikut ein tur, før dei etterpå vende nasen mot Ustedalsfjorden.
Marit Bjørgen, Therese Johaug og Emil Hegle-Svendsen fekk ikkje gått Skarverennet, men trassa motvinden på Kikut ein tur, før dei etterpå vende nasen mot Ustedalsfjorden.

Bjørgen og Johaug trassa vinden

Marit Bjørgen, Therese Johaug og Emil Hegle-Svendsen fann alternativ til Skarverennesløypa.

- Det vart ein tur, men det var kjemping i motvind, seier Therese Johaug då Hallingdølen møtte henne på Kikut. Etter 18 månader karantene frå langrennskonkurranse skulle Skarverennet bli hennar comeback. Ho har vunne rennet på damesida ni gonger før, første gong i 2007 og sist i 2016. Etter at Skarverennet 2018 i dag tidleg vart avlyst på grunn av vind, måtte folk, langrennseliten inkludert, finne alternative turar. Johaug prøvde seg i løypene frå Kikut.

Ho var ikkje åleine Marit Bjørgen og Emil Hegle-Svendsen var også med. For Bjørgen skulle årets versjon av Skarverennet markere slutten på hennar langrennskarriere. Det vart ikkje finalen ho såg for seg. Bjørgen har vunne Skarverennet ein gong, i 2013. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Skiskyttar Emil Hegle-Svendsen har nyleg også sagt han gir seg med toppidretten. Skarverennet skulle markere slutten på ein fantastisk idrettskarriere. Slik gjekk det ikkje. I staden vart det ein mosjonsøykt i Kikut-løypene.