annonse

Bilførar omkom i kollisjon

Kraftig kollisjon
Kraftig kollisjon: Ein person omkom i samanstøyten mellom varebilen og semitraileren. (Foto: Torbjørn Gunhildgard)
Dødsulykke
Dødsulykke: Ut over ettermiddagen måndag vart det rydda opp etter trafikkulykke på Rv7 vest for Gol, der ein person omkom. Måndag kveld vart trafikken omdirigert via fylkesvegen over Tuppeskogen.
Alvorleg ulykke
Alvorleg ulykke: Ein varebil og ein semitrailer har kollidert på Rv7. (Foto: Knut Olav Kvissel)

Ein person omkom i ein kraftig kollisjon på Rv7 i Gol måndag ettermiddag.

  • Torbjørn Gunhildgard

Ein varebil og ein semitrailer var involvert i ei trafikkulykke på Rv7 i Gol måndag ettermiddag. Føraren av varebilen omkom på staden, mens føraren av semitraileren er sendt til sjukehus. Det var ikkje andre personar i køyretøya.

Kollisjonen skjedde på Rv7 vest for Slaatto Sag i Gol. Varebilen var på veg nedover dalen då han frontkolliderte med semitraileren.

Innsatsleiar Odd Halvard Seterdal kunne måndag ettermiddag ikkje seie meir om årsaka til ulykka, som skjedde rundt klokka 12.45.

Rv7 vart stengt etter kollisjonen, og opna ikkje før tysdag føremiddag.