Nødetatane rykte ut til ei trafikkulykke i Nesbyen måndag morgon.
Nødetatane rykte ut til ei trafikkulykke i Nesbyen måndag morgon.

Bil utfor vegen på Gol

Ein bil hamna utfor Rv7 på Gol sundag ettermiddag.

Like før kl. 16.30  sundag ettermiddag rykte nødetatane ut etter meldingar om ei utforkøyring på Rv7.

Ulykka skal ha skjedd mellom den nye rundkøyringa og nedre avkøyring inn mot sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

To bilar på veg i retning Oslo var involvert i hendinga. Ein av dei starta forbikøyring, og idet den passerte bilen føre, svingte den ut for å køyre forbi. Det medførte at den fyrste bilen hamna i grøfta. 

I bilen sat fire personar men det er ikkje meldt om alvorlege personskader. Ei kvinne og eit barn vart tekne med i ambulanse for nærare undersøkingar etter ulykka, medan to menn i bilen kom frå det utan skader. Trafikken vart dirigert om Gol sentrum ei periode etter hendinga.