Ein personbil køyrde ut i Strandafjorden etter ein kollisjon på Rv7.
Ein personbil køyrde ut i Strandafjorden etter ein kollisjon på Rv7.

Bil køyrde ut i Strandafjorden

Ein personbil hamna i Strandafjorden i Ål etter ei ulykke på Rv7 sundag kveld.

To personbilar skal ha vore involvert i kollisjonen. Den eine bilen køyrde ut i Strandafjorden etter kollisjonen. Dei to som sat i denne bilen kom seg heldigvis ut av bilen på eiga hand, og tok seg opp på land. Ifylgje politiet er det relativt grunt i vatnet der ulykkesbilen køyrde ut.

I den andre bilen var det berre ein person. Denne køyrde ned ein skrent og hamna på eit jorde. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har førebels ikkje full oversikt over ulykka, men tre personar vart køyrt til legevakta i Ål i ambulanse. Tilstanden til dei tre er ukjent. Dei er etter det Hallingdølen får opplyst no sendt vidare til Ringerike sjukehus for grundigare undersøkingar. 

Rv7 ved Breie har vore mellombels stengt i samband med ulykka. Bergingsarbeidet pågår framleis.

Ifylgje politiet har det skjedd fleire ulykker på denne strekninga dei siste åra.