Ein søppelsekk med åtte kattungar vart dumpa i ei veggrøft i Votndalen i Ål. Idealistiske kattevenner har tatt omsorg for dyra, men dei reagerer på handlemåten til katteeigaren. – Saka blir meld til politiet, seier Grethe Bøhnsdalen, som driv organisasjonen Katter i Nød.

Åtte kattungar dumpa i ei veggrøft

Torsdag vart åtte kattungar funne i ein samanknytt søppelsekk i Votndalen.

– Dette er ei grufull handling mot uskuldige små, seier Grethe Bøhnsdalen i organisasjonen Katter i Nød.

– I søppelsekken låg det åtte levande vesen. Og i tillegg går det ein stakkars hokatt rundt på Ål som kan hamne i trøbbel. Når ho mistar ungane, kan det lett utvikle seg brystbetennelse. Det er veldig smertefullt for katten. Når du kan putte åtte kattungar i ein sekk, viser det at kattar har frykteleg låg status i Norge, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

To – tre veker gamle

Bøhnsdalen driv organisasjonen Katter i Nød i Nittedal. Ho har tatt ansvar for alle dei åtte kattungane frå Ål. Kattane vart funne i veggrøfta ved busshaldeplassen ved Kalvetræet i Nordbygdvegen torsdag kveld.

– Me er ganske sikre på at alle kattungane er frå eitt og same kull. Ein nyfødd kattunge veg kring 90 gram. Dei åtte kattungane frå Votndalen vog mellom 120 og 285 gram. Det er ikkje uvanleg at det er små og store ungar i eit kull. Truleg er dei berre er to–tre veker gamle, trur Bøhnsdalen.

– Ville blitt kvelt etter kort tid

– Dei kan ikkje ha lege lenge i veggrøfta før dei vart funne. Kattane var pakka inn i tre søppelsekker. Den inste sekken var så stramt knytt, at kattungane ville døydd av oksygenmangel etter kort tid, seier ho.

Ein av dei åtte kattungane som vart funnen i ein samanknytt søppelsekk i Ål.
Ein av dei åtte kattungane som vart funnen i ein samanknytt søppelsekk i Ål.
Ein søppelsekk med åtte kattungar vart dumpa i ei veggrøft i Votndalen i Ål. Idealistiske kattevenner har tatt omsorg for dyra, men dei reagerer på handlemåten til katteeigaren. – Saka blir meld til politiet, seier Grethe Bøhnsdalen, som driv organisasjonen Katter i Nød.
Ein søppelsekk med åtte kattungar vart dumpa i ei veggrøft i Votndalen i Ål. Idealistiske kattevenner har tatt omsorg for dyra, men dei reagerer på handlemåten til katteeigaren. – Saka blir meld til politiet, seier Grethe Bøhnsdalen, som driv organisasjonen Katter i Nød.
Ein nyfødd katt veg kring 90 gram. Dei åtte kattungane frå Ål var mellom 120 og 285 gram. – Truleg er dei berre to–tre veker gamle, seier Grethe Bøhnsdalen i organisasjonen Katter i Nød.
Ein nyfødd katt veg kring 90 gram. Dei åtte kattungane frå Ål var mellom 120 og 285 gram. – Truleg er dei berre to–tre veker gamle, seier Grethe Bøhnsdalen i organisasjonen Katter i Nød.
Dei åtte kattane vart funne veggrøfta på Nordbygdvegen i Ål. Dyra var pakka inn i tre søppelsekkar, den inste var knytt så stramt at dei ikkje fekk luft.
Dei åtte kattane vart funne veggrøfta på Nordbygdvegen i Ål. Dyra var pakka inn i tre søppelsekkar, den inste var knytt så stramt at dei ikkje fekk luft.
Grethe Bøhnsdalen frå Nittedal har drive organisasjonen Katter i Nød sidan 1997.
Grethe Bøhnsdalen frå Nittedal har drive organisasjonen Katter i Nød sidan 1997.

Hallingdølen har ikkje fått stadfesta historia av finnaren, som ikkje ønska å stå fram med namn eller bli kontakta av media. Bøhnsdalen fortel at finnaren tok vare på dyra til neste dag før ho fekk frakta dei til Katter i Nød. Alle åtte kattungane vart først tatt med til veterinær i Oslo. Deretter vart dei plassert i fosterheim.

– Skulle aldri blitt fødde

Katter i Nød er ein liten frivillig organisasjon. I fjor sørga dei for omplassering av nesten 90 kattar. Organisasjonen driv utan støtte frå det offentlege. Å omplassere kattar er likevel ein kostbar affære. Både fôr og veterinærutgifter kostar pengar. Katter i Nød lever av private gåver og grasrotdelen i Norsk Tipping.

– Kvifor sender de ikkje kattungane til avliving?

– Det er imot alt me står for. Når dei først er fødde, må me ta det derifrå. Men desse kattane skulle aldri blitt fødde seier ho.

26.000 kroner til veterinæren

Når Bøhnsdalen tek ansvar for åtte kattungar, betyr det kostnader på 26.000 kroner berre for å få dyra kastrert.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me leverer ikkje frå oss kattar før dei er kastrert. Dette er katteeigar sitt ansvar, men det er mange som ikkje tek dette ansvaret. Eg har drive Katter i Nød i 21 år. Eg opplever at folk i byane har blitt flinkare, men på landsbygda er det framleis ein lang veg å gå. Skal me løyse problemet med heimlause kattar, må folk kastrere dyra sine. Det er den einaste måten me kan unngå at det dukkar opp nye kull, seier ho.

Ønskjer fleire tips

Å sette dyr ut for å døy på den måten som vart gjort i Votndalen, er ei straffbar handling. Katter i Nød har alt fått tips om kven katteeigaren kan vere. Dei kjem til å varsle Mattilsynet, og melde saka til politiet.

– Me har fått tips om eit kull med åtte ungar ikkje så langt frå der sekken vart funnen. Viss det er folk som har informasjon, ønskjer me tips, seier ho.

Lov om dyrevelferd:

* Alle som har grunn til å tru at dyr blir mishandla eller ikkje får nødvendig tilsyn og stell, skal varsle Mattilsynet eller politiet så fort som råd (§5).

* Det er forbode å øve vald mot dyr og å sette frå seg dyr i hjelpelaus tilstand (§14).

* Forsettlege eller grovt aktlause lovbrot kan straffast med bøter og/eller fengsel i inntil eitt år. Særleg grove lovbrot kan straffast med fengsel i inntil tre år (§37).

Kjelde: Lovdata