Åtte husstandar er framleis utan vatn.
Åtte husstandar er framleis utan vatn.

Åtte husstandar framleis utan vatn

Store delar av Ål sentrum var utan vatn måndag kveld etter ein vasslekkasje i Vestlia.

Måndag kveld gjekk det hól på ein vassleidning i Bekkefaret, i Vestlia i Ål. Mannskap frå teknisk avdeling i kommunen var raskt på plass, og fekk stengt av vatnet.

– Det gjekk tre gonger så mykje vatn ut som det me greier å produsere, slik at ein vassleidning gjekk fyken. Me vart fort varsla, og fekk stengt av vatnet i løpet av kring ein time, seier Nils Egil Vedvik, driftsleiar for vatn og avløp i Ål kommune.

Artikkelen held fram under annonsen.

Mista vatnet i ein time

Høgt trykkfall i vassleidningsnettet førte til at mange husstandar vart berørt av skaden. Alle husstandar som ikkje har sjølvfall ut frå høgdebassenget stod utan vatn. Kring klokka 23 måndag kveld var vatnet tilbake. Tysdag morgon var folk frå vatn og avløp på plass med gravemaskin for å reparere skaden.

– Er det fare for underminering, eller at vatnet renn inn hjå folk?

– Vegen har blitt vesentleg mindre, og søkk framleis saman. Så det er det ingen tvil om. Måndag kveld var det fare for vasskadar, då vatnet rann inn mot fleire hus i bustadfeltet. Men folk var flinke til å hjelpe oss med å grave grøfter, slik at me fekk leda vatnet vekk. No er det ikkje lenger fare for at vatnet skal renne inn der det ikkje skal, seier Vedvik.

Vegen i Bekkefaret i Vestlia har sige saman, etter at det gjekk hól på ein vassledning måndag kveld.
Vegen i Bekkefaret i Vestlia har sige saman, etter at det gjekk hól på ein vassledning måndag kveld.

Jobbar på spreng

Tysdag morgon var åtte husstandar nedst i Vestlia framleis utan vatn, medan arbeidet held på.

– Me driv og grev oss ned til skaden no. Med hard jobbing, er det realistisk å vente at vatnet er tilbake kring klokka 3.