Nina har evaluert for øket på llokal forvaltning av Lov om motorisert ferdsel i utmark, og meiner det har gått ganske bra. Dette kjem ikkje fram når DBN i sin tur skal koma med sine framlegg til ny lovtekst for Miljøverndepartementet.
Underslår resultat
- Lovframlegget underslår resultata av eit vellukka forsøk. NINA fann at fase skuterløyper gir mindre trafikk i sårbare område. Forvaltninga blir også meir demokratisk og effektiv når kommunane styrer sjølve. Dette står det ingenting om i DN sin omtale av sentrale punkt i evalueringa, hevdar sekretær Arve Lønnum i Snøscooterimportørenes Forening til Nationen. Foreininga trykkjer no eigne brosjyrar for å påverke politikarane.
- Politikarane trur oss ikkje når me fortel kva NINA meiner. Difor må me trykke desse sitata. Det som var av positive konklusjonar i evalueringa er utelate og erstatta med negativ omtale av forsøket, seier Lønnum.
Avviser kritikk
Direktoratet har ikkje sans for denne kritikken.
- NINA sine konklusjonar er ikkje så eintydige som snøskutyerimportørane hevdar. Denne rapporten er dessutan berre eitt av mange dokument i saka. Alt dette materialet er offentleg tilgjengeleg. Me har ikkje prøvd å halde tilbake informasjon, seier kommunikasjonsdirektør Reidun Mangrud i DN.
RSS
KONTAKT OSS

Snøskuterimportørane meiner Direktoratet for Naturforvaltning prøver å føre politikarane bak lyset.