Høgrevind over Buskerud
Høgre vart den suverene valvinnaren i Buskerud og landet elles.
Men høgrevinden held ikkje til borgarleg valsiger. Det blir framleis raudgrøn regjering.
Det vart ei uvanleg spennande valnatt. Arbeiderpartiet heldt stillinga i Buskerud, og kjem attende med fire mandat som for inneverande periode. Partiet kan notere ein framgang på ein prosent frå forrige stortingsval og er dermed fylkets klart største parti. (37,2 prosent).
Høgre gjorde eit svært godt val i Buskerud. Partiet kjem attende med to mandat mot eitt i dag. Alt tidleg på valnatta var det klart at Anders B. Werp var inne med trygg margin. Høgre enda opp med ein framgang på heile 4,2 prosent frå 2005, til 19,3 prosent. Men 2005-valet var eit katastrofeval. Partiet er attende på ein normal oppslutnad i Buskerud.
For Fremskrittspartiet knytte det seg stor spenning til om partiets 3.-kandidat, Ida Marie Holen, ville få stortingsplass. På meiningsmålingane låg Holen lenge inne, men framgangen held ikkje heilt til mål. Frp kjem ut med to mandat som i dag, Jørund Rytman og Ulf Erik Knutsen. Holen må nøye seg med varamannsplass på Stortinget. Frp enda på 25,1 prosent, ein framgang på 1 prosent.
For Magnar Bergo (SV) og Per Olaf Lundteigen (Sp) vart det ei spennande valnatt. Dei to veksla mellom å vere inne og ute av Stortinget. Men no tyder alt på at Buskerud får utjamningsmandatet, og at dette tilfell Per Olaf Lundteigen. Dermed må Bergo flytte heimatt til Drammen.
Senterpartiet og Lundteigen gjorde eit brukbart val i Buskerud, langt betre enn meiningsmålingane antyda. 6,4 prosent er det same som for fire år sidan. SV derimot har ingen grunn til å vere fornøgd. Ein tilbakegang på 2,8 prosent til 4,5 prosent er langt under "godkjent".
Venstre og KrF gjorde som for resten av landet eit elendig val i Buskerud. Begge partia var langt unna utjamningsmandat.
Venstre er også den store taparen på landsbasis. Partiet enda opp under sperregrensa og sit att med berre to representantar på Stortinget. Partileiar Lars Sponheim tek ansvaret for katastrofevalet og har varsla at han trekkjer seg som partileiar.
Resultata frå Buskerud fylgjer same trend som for resten av landet. Høgre, Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet enda opp som valvinnarar. Høgre med prosentvis størst framgang, Arbeiderpartiet med eit godt resultat som berga ei fortsatt raudgrøn regjering medan Frp oppnådde sitt beste valresultat gjennom tidene.
SV, KrF, men aller mest Venstre vart valtaparane.
Mandatfordeling i Buskerud;
Ap 4, H 2 (+1), Frp 2, Sp 1, SV (-1).
Valresultat landet
Ap 35,5 (+2,8), Høgre 17,2 (+3,1), Frp 22,9 (+0,9), SV 6,1 (-2,7), Sp 6,2 (-0,2), KrF 5,5 (-1,2), Venstre 3,8 (-2,1), Raudt 1,3 (+0,1) Andre 1,3 (-0,4) .
Mandatfordeling landet
Ap 64 (+3), SV 11 (-4), Sp 11, KrF 10 (-1), Venstre 2 (-8), Høgre 30 (+7), Frp 41 (+3)
RSS
KONTAKT OSS
