Tendensen på landsbasis kjem klart til syne også i Hol: Framgang for regjeringspartia Ap og Sp, og med Venstre som ein klar tapar.
I motsetning til landet som heilskap, har ikkje SV gjort noko godt val i Hol. Tilbakegangen frå 2005 er på 2,5 prosentpoeng. Også KrF må tole ein markert tilbakegang, men noko mindre enn både Venstre og SV.
Elles merkar me oss at Høgre har gjort eit klart betre val enn Frp, samanlikna med valet i 2005. Høgre har størst framgang av alle, med 4,0 prosentpoeng. Frp er framleis større enn Høgre i Hol, men har ein langt mindre framgang frå valet i 2005, med 0,2 prosentpoeng.
Kommentarar
Skriv ein kommentar
Tips ein ven
RSS
KONTAKT OSS

Høgre og Arbeiderpartiet er valvinnarane i Hol. Venstre går mest tilbake.