Gol har tidlegare slite med svak valdeltaking, frammøteprosenten ved stortingsvalet i år er 0,7 % betre enn for fire år sidan. I år hamna Gol til slutt på 74,4% frammøte. Til samanlikning gjekk 80,6% av dei røysteføre til valurnene i nabokommunen Hemsedal, 3,3 % betre enn i 2005.
Blokkdeling
Ser ein på valresultatet i Gol, blir dei store partia større, og ein får ei tydelegare blokkdeling. Arbeidarpartiet fekk flest stemmer. Partiet gjekk fram 2,4%, og fekk 31,2% av stemmene i Gol. Frp gjorde også eit sterkt val. Partiet gjekk også fram 2,4% og enda til slutt på 24,4%.
Høgre gjekk også fram. Med 2,1% framgang fekk Høgre i Gol 15,6%.
Tilbakegang
Dei andre partia i Gol har tilbakegang. Det svakaste valresultatet har KrF som gjekk 2,6% tilbake. KrF har dermed 6,9% av stemmene. Venstre går attende med 1,9%, og SV går tilbake med 1,6%.
Småpartia
Stemmefordelinga av småpartia i Gol vart slik: 9 røyster til Miljøpartiet De Grønne, 9 til Rødt, 5 til Vigrid, 4 til Kristeleg samlingsparti, 3 til Kystpartiet, 1 til Kommunistpartiet og 1 til Demokratane.
RSS
KONTAKT OSS

Både Arbeidarpartiet og Fremskrittspartiet går solid fram i Gol.