Frp vil bygge motorveg over Haukeli
Fremskrittspartiet har valt: Hovudferdselsåra mellom aust og vest skal ikkje gå gjennom Hallingdal. Derimot over Haukeli og Valdres.
Nasjonal Transportplan for 2010-2019 skal behandlast i Stortinget torsdag.
Bortsett frå innkortinga Sokna-Ørgenvika som ligg inne, blir det ikkje noko stort samferdselslyft for Hallingdal og aust-vestsambandet i neste tiårsperiode, korkje på veg eller jernbane.
Opposisjonspartia har kome med merknader til forslag til Nasjonal transportplan frå den raud-grøne regjeringa. Det mest ytterleggåande kjem frå Fremskrittspartiet sine tre medlemmer i samferdselskomiteen.
Norges nest største parti vil auke rammene kraftig til vegutbygging på E134 og E16 og gjera dei til hovudferdselsårer mellom aust og vest. Dette trass i at størstedelen av trafikken går gjennom Hallingdal.
Frp støttar Sokna-Ørgenvika, men vil likevel stemme imot når saka kjem op i Stortinget fordi det blir lagt opp til bompengfinansiering.
Utover dette vil ikkje Frp prioritere Rv7, Rv52 eller Bergensbanen.
Fremskrittspartiet går inn for å byggje ny motorveg Oslo-Bergen over Haukeli og ruste opp E134 for formidable 60 milliardar kroner. Frp går inn for å ruste opp E134 til ein moderne motorveg og hovudtransportåre mellom Oslo og Bergen på 390 kilometer. Grunngjevinga er at det blir kortaste traseen, og at ein vil binde saman dei mest folkerike områda i landet med til saman 2,6 millionar innbyggjarar. Det omfattar også Stavanger og Haugesund.
– Veien vil forandre det fremtidige trafikkbildet hvor behovet for både bane og fly blir vesentlig redusert, uttalar Frp i merknadene.
For å ruste opp E134 over Haukeli og byggje nye tilførselsvegar, vil Frp bla opp 60 milliardar ekstra. Dei foreslår å auke rammene i transportplanen med 5,54 milliardar på denne vekstrekninga i perioden 2014-2019, og med formidable 54 milliardar i perioden 2020-2034.
Frp foreslår også å byggje firefelts motorveg på E16 mellom Oslo og Hønefoss. Vidare vil dei gje E16 frå Hønefoss til Valdres og over Filefjell eit kraftig lyft.
RSS
KONTAKT OSS
