Fredag 30.juli 2010
Ingen sikring: Slik såg dette hyttepala sset på Kikut ut då inspektørane kom. Arbeidet vart stoppa på timen. (Foto: Arbeidstilsynet)

Sjokkerte Arbeidstilsynet

– Me oppdaga fleire graverande tilfelle av mangelfull sikring på byggjeplassar. Utanlandske arbeidstakarar utan ID-kort har vorte ein gjengangar.

Fontstørrelse A A A

Slik oppsummerer seniorinspektør Tom Egil Leret i Arbeidstilsynet Indre Østland ein inspeksjonsrunde i Hallingdal.

Arbeidstilsynet, skatteetaten, politiet og regionale verneombod var på fellesinspeksjon på byggjeplassar i Hallingdal i forrige veke.

Frå tysdag til torsdag var to team med til saman 10 personar innom 25 byggjeplassar på strekninga Noresund–Geilo med avstikkarar til Hemsedal, Nordbygdene i Ål og øystre Hol.

Dei oppdaga mangt å setja fingeren på både når det gjeld sikringstiltak og registrering.

– Det var stor forskjell på øvre og nedre Hallingdal. På Norefjell og Høgevarde var det stort sett i orden. Det stod dårlegare til med sikring på arbeidsplassane, og at arbeidarane har papira i orden til lenger oppover me kom, seier Leret.

Inspeksjonsrunden avdekte til dels graverande tilfelle av mangel på sikring på hus og hytter.

På fem-seks arbeidsplassar vart arbeidet stoppa på timen.

Enkelte sette straks i gang utbetringstiltak og fekk halde fram etterpå.

– Dei mest graverande tilfella kom me over på to hyttepalass på Kikut ved Geilo. Der var det arbeidarar utan sikring frå tak eller veranda.

Det er uforståeleg og meiningslaust å byggje hyttepalass til 30-40 millionar utan at å bruke nokre tusenlappar på sikringstiltak for arbeidarane, seier Tom Egil Leret og rettar kritikken mot entreprenørane.

Inspeksjonsrunden avdekte også manglar på papira til arbeidsfolka.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:22 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article83035.ece

annonse
annonse
annonse
annonse