Skulane over til gratis programvare
Medan Hol har valt å behalde Microsoft i skulen, sparar dei andre kommunane pengar på å bytte til Open Office.
Fem av seks hallingdalskommunar går over til fri programvare frå hausten.
Hol har derimot bestemt seg for å halde fram med å betale lisensar.
For Hol kommube blir det 30.000 kroner berre i år.
For skulane i Hallingdal er det snakk om hundre tusenar å spare.
Rådmannsutvalet bestemde før jul at alle kommunane i dalen skulle forlate Microsoft si Office-programvare og gå over til Open office som er gratis.
I tillegg til å spare på lisensutgifter, vil ei felles IT-platform mellom alle kommunane gjere samarbeid og utveksling av kompetanse lettare meinte ein.
Det er særleg skulane i dalen som vil merke overgangen. No vil samtlege kommunar vere klar med gratisprogramma til skulestart til hausten, så nær som Hol.
– Kvifor vil ikkje Hol innføre gratisalternativet?
– Vedtaket om å gå over til Open Office står ved lag, men me vil berre ha litt lenger tid på oss. Det blir ikkje dette året, seier rådmann i Hol Lars Ole Skogen.
Kommunen er godt fornøgd med den programvara som er i bruk i dag, og lisenskostnadene var alt teke med i budsjettet, kan rådmannen fortelje.
Karsten Moe, IKT-ansvarleg på Hol ungdomsskole, er trass i vedtaket langt meir kritisk til omlegginga. Han har vege Open office og funne det for lett.
– Me opplevde mange feil og problem med å kommunisere med andre program då me testa det. Ofte måtte me ty til støtteprogram, seier han som fryktar langt meir å gjere med gratisprogramma. Då treng det ikkje bli så gratis som ein trudde. – Me veit kva me har, men ikkje kva me får, seier Moe.
RSS
KONTAKT OSS


Det var gledeleg med litt interesse i dalen for dette temaet. Det ser ut som om debatten har stoppa her, men den går vidare på digi.no. Så om de er interesserte kan de ta ein kikk eller skrive dykkar syn der.
Om redaktøren ikkje likar at eg linkar vekk frå Hallingdølen, får han fjerne denne kommentaren :-)
Sjekk
http://www.digi.no/811224/hallingdal-skolene-kaster-ut-microsoft
og eventuelt i tillegg:
http://www.dalstroka-innafor.net/2009/05/14/skulen-attende-til-opne-landskap/
Skrive av Embrik Kaslegard 16.05.09 kl. 21:26 KLAG PÅ INNLEGG
Dette er både lovende og bra! Det offentlige har i mange år dvelt ved hvorvidt de kan løsrive seg fra den proprietære verden, og endelig er det noen som begynner å komme seg ut. Jeg ser frem til dagen hvor de også begynner å bytte ut operativsystemene på klienter og servere med GNU/Linux eller *BSD! :-)
Skrive av Alexander Karlstad 15.05.09 kl. 00:55 KLAG PÅ INNLEGG
problemet for administrasjonen i kommunane er ofte 3 parts verktøy som dei har invistert mykje lisenser, tid og krefter i. Som for eksempel kontor 2000 eller tilsvarande kontorstøtte verktøy som kan være djupt integrert i office pakken. Det kan og gjere det og vanskeleg å oppgradere til nyare versjonar office i mange tillfeller. Poenget er Det er betydeleg større jobb å bytte kontorapplikasjon i ein komunal administrasjon, enn i skulen.
Ellers er det å lagre i .doc ein uvane dei bør prøve å gjere det av med. ODF er vel eit krav (.doc ein opsjon) for komunikasjon med publikum. Og ODF er og støtta i omtrent alt som finst av kontor applikasjonar. Slek som OpenOffice, Wordperfect, Abiword, lotus, google docs etc etc etc. sleke grep vil gjere jobben med å bytte verktøy enklare fordi produkt låsen vil være brutt.
Skrive av Ronny Aasen 13.05.09 kl. 22:45 KLAG PÅ INNLEGG
Eg har som lærar ved Hemsedal Barne- og ungdomsskule brukt Open Office (OO) i fleire år og synest programmet er vel så godt som Microsoft Office.
Begge programma er svært like i utforming, noko som gjer det enkelt å manøvrere seg fram i begge programma.
Dessutan kan ein bruke det same lagringsformatet (.doc) i begge programma.
Eg lurar på kva program som ikkje kan køyrast i tilknyting til OO? Eg har ikkje hatt problem med å leggje til dokument på t.d. It's learning som er vår læringsplattform.
Eg synest det verkar litt "bakstreversk" å skulle betale dyrt for noko som ikkje har utvikla seg nemneverdig på fleire år, når ein kan få fullgode alternativ heilt gratis.
Me har av andre ting å bruke pengar på.
Skrive av Jan André Asak 13.05.09 kl. 14:41 KLAG PÅ INNLEGG
Undertegnede er IT-strateg i Buskerud fylkeskommune. Akkurat nå sitter jeg på en IT-konferanse i Stockholm og hører foredrag fra svenske offentlige virksomheter (mange kommuner bl.a.) som arbeider med å gå over til fri programvare, inklusive OpenOffice. Svenske Polisen, med sine 27.000 ansatte er i så måte særdels interessant. De går over til fri programvare i stor skala, innenfor en rekke områder. Også iOpenOffice. Også i Buskerud f.k. vurderes OpenOffice, både i administrasjonen og i utdanningssektoren. En nylig avsluttet utprøving av små mini-bærbare PC-er med fri programvare (inkl. OpenOffice) i en klasse ved Drammen vgs, viser at OpenOffice dekker behovet, ihvertfall for studiepesialiserende (3. klasse). At det ikke skal være godt nok for grunnskolen, er mer enn jeg kan forstå. Mange skoler i Norge har gått over, også skoler i Buskerud. Men ikke bare skoler. I flg Drammens Tidende skal Øvre Eiker starte et prosjekt for å se hvilke områder de kan gå over til fri programvare på (http://dt.no/article/20090414/NYHET/982202392).
Buskerud fylkeskommune ser også med stor interesse på fri programvare. Vi er initiativtager til og medeier i Friprogsenteret (www.friprog.no) i Drammen. Vi har flere prosjekter på gang hvor fri programvare inngår. Bl.a. innførte vi nytt telefonisystem i vinter, basert på fri programvare. I løpet av året vil vi ha ferdig en strategi for vårt forhold til fri programvare. OpenOffice vil være ett av mange områder som vi vil vurdere.
Mvh
Bjørn Venn
IT-strateg
Buskerud fylkeskommune
Skrive av Bjørn Venn 13.05.09 kl. 11:46 KLAG PÅ INNLEGG