Torsdag 02.september 2010
Landsmøtedebut: Iselin Haugo frå Ål tala varmt for nivådifferensiering i skulen og karakterar frå 5. klasse. Ho er fornøgd med innsatsen på Høgre sitt landsmøte i helga. (Arkivfoto)

Ung høgrepolitikar fekk gjennomslag på landsmøtet

Iselin Haugo og Unge Høgre vil ha eksamen før russefeiringa.

Fontstørrelse A A A

Hallingdal stilte med to representantar på Høgre sitt landsmøte i helga; Inger Brit Vindegg frå Hol og Iselin Haugo frå Ål.

Medan Vindegg må karakteriserast som veteran, er Haugo blant dei nye kreftene i partiet. 20-åringen er vararepresentant til Ål kommunestyre og 1. nestleiar i Buskerud Unge Høgre.

Iselin Haugo er godt fornøgd med å ha fått gjennomslag for to viktige Unge Høgre-saker.

Den eine at eksamen på vidaregåande skule skal kome før 17. mai.

– Hovudpoenget er at russefeiringa bør skje etter eksamen, ikkje før slik som i dag. Då ville russen faktisk kunne feire at dei er ferdige med vidaregåande skule, seier Iselin Haugo.

Unge Høgre fekk partiet med seg i dette synet.

Sjølv heldt Haugo innlegg om ei annan hjartesak til Unge Høgre; nivådifferensiering i skulen.

Ungdomsorganisasjonen meiner ei slik differensiering bør skje frå 1. klasse. Likeins at det skal vere karakterar frå 5. klasse. Også i denne saka fekk Unge Høgre fleirtalet med seg.

Haugo sitt innlegg vart vist i nyheitsglimta frå landsmøtet.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:50 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article82045.ece

annonse
annonse
annonse
annonse