Fredag 30.juli 2010
Bubiltilsyn: Gratissjekken fører ikkje til merknader, men nokre av desse veg meir enn lova tillet.

Klar for bubilsommar

Startskotet har gått for bubilsesongen. Mange møtte då Norsk Caranvan Club inviterte til kontroll.

Fontstørrelse A A A

Det var lange køar ved Biltilsynet på Gol laurdag. Leiar for NCC Hallingdal Per Englund hadde sitt fulle hyre med å registrere gamle og nye medlemmer før den årlege kontrollen.

Laurdagen gjekk med til kontroll av alt frå bremser og gasslekasjar, til vekt og fukt.

Det er vekta som er problemet

- Det er eit problem at bubilimportørane oppgir falske vekter, seier Englund og fortel at mange køyrer med for tunge bilar utan å vite det. Dei som køyrer på vanleg sertifikat kan berre føre køyretøy opp til 3.500 kilo.

- Alt er ribba før ein veg. Det kan bety at ein får overvekt i det ein set seg i bilen, seier han som håpar ein no snart vil sjå på regelverket. Legg ein til personleg bagasje, vatn og drivstoff på tanken kan det fort bli mange kilo over tillete grense.

Vil vite at alt er i orden

- Det er vel 21 gong me gjer dette, seier han og kan skilte med 20-25 oppmøtte alt før dei har opna.

Den utflytte nesningen Egil Harald Tollefsrud har kome eins ærend frå Vestfossen for å gjere seg klar til ny sesong.

- Eg vil sikre meg at alt er i orden, seier han i det han tek imot beviset frå Englund.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:18 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article81920.ece

annonse
annonse
annonse
annonse