Torsdag 02.september 2010
– Eg reagerer på at polititenestemenn brukar politiets mail til å sende «upassande» mail med sjikanøst innhald til politikollegaer, seier politimeister Georg Isdahl.
FOTO: Sigmund Krøvel-Velle

Politimann truga med mobbing og utfrysing

Polititenestemenn i Hallingdal som arbeider overtid blir truga av kollegaer.

Fontstørrelse A A A

Den pågåande konflikten i politiet tilspissar seg dag for dag. Nyleg vart det sendt ein trusselmail til ein polititenestemann i Hallingdal.

I mailen trugar ein politibetjent i nedre del av distriktet sine eigne kollegaer i Hallingdal.

Om dei ikkje er «lojal mot saken», kan dei rekne seg represaliar av kollegaer. «... det kommer en tid senere også, da alt dette er over», trugar polititenestemannen i nedre del av distriktet. «Hører rykter om at du jobber frivillig overtid i disse «reaksjonsdager»», skriv han og meiner hallingane «skummer fløten» ved å ta på seg ei overtidsvakt.

E-posten er underskrive med fullt namn og med Nordre Buskerud Politidistrikt.

Beklagar sterkt

Då Hallingdølen onsdag kontakta politimeister Georg Isdahl i Nordre Buskerud Politidistrikt, var han godt informert om innhaldet i trusselmailen. Isdahl reagerer kraftig og har allereie tatt affære.

– Eg reagerer på at polititenestemenn brukar politiets mail til å sende «upassande» mail med sjikanøst innhald til politikollegaer, seier Isdahl. Han har blant anna tatt opp forholdet med leiaren i det lokale laget til Politiets Fellesforbund (PF). Isdahl har også hatt samtaler med polititenestemannen som har sendt ut mailen.

– Vedkommande har beklaga at politiets mail vart brukt, forklarar Isdahl.

Står for noko nytt

Isdahl har ikkje opplevd liknande frå si tid i politiet og ser alvorleg på saka.

– Fram til no i politikonflikten har forholdet i vårt distrikt vore temmeleg «idyllisk», men denne e-posten representerer noko nytt, seier han. Isdahl har bede om at saka blir tatt opp av vernetenesta ved det lokale lensmannskontoret, samt at saka skal til Arbeidsmiljøutvalet (AMU).

– Ingen i politiet skal føle seg mobba på arbeidsplassen. Derfor reknar eg heller ikkje med at eg vil sjå slike mail i framtida, seier Isdahl som meiner trusselmailen er med på å forsure miljøet i politiet.

Stadfestar aksjon

– Så mailen representerer ikkje distriktet, sjølv om den er underskrive Nordre Buskerud Politidistrikt?

– Nei, den representerer ikkje distriktet, seier Isdahl.

– Men e-posten stadfestar at det er ein ulovleg aksjon på gang?

– Ja. Det er klart at det er «noko» som pågår. Det kan ein både lese ut frå innhaldet i mailen, og eg kan lesa det ut frå dei elendige måltala for politidistriktet me har frå januar og februar i år.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:48 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article73576.ece

annonse
annonse
annonse
annonse