Grunneigarane tapte løypestrid
Direktoratet for naturforvaltning (DN) har gitt grønt lys for maskinpreparering av Hallingdalsløypa over grunnen til Fekjan/Brynhildstjern sameige i Nes-fjellet.
Dermed har DN brukt paragraf 35 i friluftslova til å overprøve grunneigarane.
– Eg er skuffa, seier leiar i sameiget, Åsmund Grønning. Han visste ingenting før Hallingdølen informerte han om avgjerda.
Krev betaling
Bakgrunnen for striden er at Fekjan/Brynhildstjern sameige krev vederlag for maskinpreparering av den delen av hovudløypa gjennom fjellet, Hallingdalsløypa, som går over deira grunn.
Dette har dei ikkje fått støtte for i kommunen, og Nesbyen Turist og Næringsservice brakte saka inn for Direktoratet for naturforvaltning. Men NTN kunne ikkje søke fordi det er eit aksjeselskap. Dermed kom ein ny søkjar på banen, Nes fjellheim løypelag, som sendte ein tilnærma identisk søknad.
Positive
Fylkesmannen i Buskerud har ikkje hatt noko å innvende mot søknaden.
«Løypenettet er positivt for friluftslivet og bidreg til å kanalisere ferdsla i området», uttaler fylkesmannen.
Villreinnemnda meiner også at merking og maskinpreparering av løypa kanaliserer ferdsla gjennom området, gjer det enklare for villreinen å vite kor det er menneskeleg aktivitet. Men for ikkje å uroe reinen før kalvingstida i byrjinga av mai, kan det ikkje køyrast opp løyper etter 15. april, meiner nemnda. Det sluttar direktoratet seg til.
Inngrepsløyve
Det er eit såkalla inngrepsløyve som direktoratet har gitt.
Løypelaget får køyre opp løyper på strekningane Brynhildstjern-Hallingnatten og Tverrfotvatn-Hallingnatten. Hovudargumentet til DN er at det er behov for løype i området, og at oppkøyring og bruk av løype ikkje vil kome i konflikt med viktige naturverdiar, som villrein. Det er også gitt rett til å merke traseen med kvistar.
– Prøvestein
– Dette er ein prøvestein. Me må vurdere nye skritt. Dette er eit forvaltningsvedtak som kan ankast, seier Åsmund Grønning.
– Me har vist at me vil samarbeide. Me har aldri vore imot skiløyper. Dette dreier seg om vederlag og råderett, seier han.
Sameiget meiner at det ikkje er heimel i friluftslovas paragraf 35 til å gi løyve til maskinpreparering mot grunneigars samtykke fordi dette vil vere i strid med lov om motorferdsel i utmark. Direktoratet derimot meiner at friluftslova gir heimel til inngrepsløyve for maskinpreparering av skiløype. Denne lovforståinga er også lagt til grunn i andre tilfelle der det er gitt inngrepsløyve til maskinpreparering av skiløyper, påpeiker Direktoratet for naturforvaltning.
Mot deira vilje
Sameiga har overfor DN peika på at kommunen har teke seg til rette og maskinpreparert løyver over deira grunn over ein lengre periode.
Grunneigarane meiner det ikkje er rimeleg at det blir gitt inngrepsløyve til å halde fram med eipraksis som har vore i strid med deira vilje. Men dei vart ikkje høyrde.
RSS
KONTAKT OSS
