Politiet tek ingen sjølvkritikk etter arrestasjon
- Me tek ikkje sjølvkritikk for måten me opptredde på under demonstrasjonen laurdag, seier stabssjef ved Oslo politidistrikt, Johan Fredriksen.
– Fotografen frå Nesbyen har seg sjølv å takke for at han hamna opp i dette. Han hadde moglegheiter til å kome seg unna, seier Fredriksen.
Han vil likevel beklage at Tore Haraldset hamna blant dei som vart innesperra og innbrakt.
Stor og liten fisk
Ifølgje Fredriksen, som var stabsleiar for heile operasjonen, gjekk demonstrasjonen ved Stortinget greitt. Etter at demonstrasjonen var over, var det ei hard kjerne att som hadde ein annan agenda.
Då politiet omringa demonstrantane, «tok me både stor og liten fisk», for å bruke Fredriksens eigne ord.
– Tilbakehaldne
– Me sluser først ut unge og mediefolk. Det er ekstremt ressurskrevjande å innbringe så mange som me gjorde, omkring 160, og det kan fort oppstå bråk i bussane. Dei yngste vart etter kvart sleppt fri. Og det er rett at den yngste var 13 år. Men me var ekstremt tilbakehaldne under operasjonen, seier Fredriksen.
– For fotografen frå Nesbyen var det avgjerande at han ikkje hadde pressekort. Slik sett var grunnlaget for at han vart innbrakt til stades, seier han.
– Fotografen reagerer på behandlinga og brutaliteten?
– Det var dramatisk for oss også. No er dette vår profesjon, men eg forstår at det kan verke sterkt, seier Johan Fredriksen.
RSS
KONTAKT OSS
