Arrestert i voldsom demonstrasjon
Nes-politikar fengsla i Oslo.
160 Palestina-sympatisørar og ungdommar vart arresterte og innbrakt.
Men Tore Haraldset (49) frå Nes demonstrerte ikkje. Han jobbar som frilansfotograf og drog til Oslo for å ta bilete av demonstrasjonen. Det vart ei oppleving han seint vil gløyme.
– Eg såg politifolk som gjekk laus på barn, eg opplevde på nært hald ein råskap, arroganse og brutalitet som eg ikkje trudde var mogleg. Me vart ikkje behandla som folk, seier Haraldset.
Den ivrige fotografen, som er lokalpolitikar i Nes og medlem i kommunestyret, stod saman med pressefotografane då demonstrasjonen i Oslo til støtte for Gaza tok av. Utan hjelm og gassmaske vart det etter kvart ei ubehageleg og skremmande oppleving.
– Det kvein i rakettar rundt beina mine. Det var ekkelt. Uheldigvis høyrde eg ikkje at politiet bad folk å fjerne seg, og plutseleg var me omringa av politifolk med hjelm og batongar.
Pressefotografane slapp ut av jernringen, men eg hadde ikkje pressekort. Det nytta ikkje at eg legitimerte meg, eg vart berre avfeidd, seier han.
Dermed var Haraldset innsperra saman med ein stor flokk med demonstrantar, dei fleste av utanlandsk opphav. Ein annan etnisk nordmann, som var på staden for å fotografere, hamna innanfor jernringen han også.
– Då me vart slusa ut, vart me med ein gong tekne av politifolk med hjelm og køller. Hendene våre vart stripsa, og me vart sett rett på bakken. Eg bad om å få sleppe fordi eg har dårleg rygg, og fekk i staden stå. Me vart heile tida haldne av politiet, dei fortalde at dette var verstingane.
- Eg følte det som om eg hadde drepe nokon, seier Haraldset.
– Etter eit par timar vart me henta av ein buss og køyrt til Grønland politistasjon. I fem timar sat me i den fullstappa bussen utan mat og drikke. Etter kvart fekk folk lov til å gå på do i bussen, men med hendene stripsa. Var det nokon som søla, ville doen bli stengt...!
Etter to timar klipte dei av stripsa rundt hendene under føresetnad av at alle sat roleg. Men ikkje alle klarte det, då kom 20 politimenn og sette handjern på alle saman.
Etter fire timar kom ein politimann og spurte om nokon var under 15 år.
Det viste seg at den yngste som var teken, var tretten år. Dei var livredde. Dei vart sloppe fri.
- Eg såg at ein av ungane tidlegare vart kasta av bussen fordi han krangla med dei, og fire politimenn kasta seg over han. Eg såg at han blødde i ansiktet.
– Det var frustrerande. Etter fem timar vart me sendt inn på politistasjonen og stengt inne i ei stor fellescelle. Me vart henta ut ein etter ein og avhøyrt. Då eg legitimerte meg, kunne eg berre dra. Då hadde eg vore innsperra i åtte timar, seier Tore Haraldset.
RSS
KONTAKT OSS

