Torsdag 29.juli 2010
"Dødens forgård": Rune Biseth ser til dyra som om kort tid skal forlate livet i fjellet.

Slaktar 2000 rein

Det er knapt gått 10 minutt frå bukken ante fred og ingen fare, til han er omgjort til ein skrott som heng i ein krok på ein distribusjonsbil.

Fontstørrelse A A A

Me er på Furuhytta på Golsfjellet, like over grensa til Nord-Aurdal. Her har Filefjell reinlag fast slakting kvart år like før jul. Flokken er på 5000. No skal bortimot 2000 dyr bort.

No ventar norske middagsbord. Ingenting går til spille. Skinna går til oppkjøpar. Innmaten blir brukt i pølseproduksjon. Gevir er det også avsetning på til dei som driv med pynt og ulikt handverk.

Filefjell reinlag er på mange vis ei dugnadsbedrift, men har til dagleg tre faste gjetarar. Laget går med overskot, men andelseigarane har ikkje teke utbytte dei siste fem åra. Dei har vore gjennom store investeringar, og driftsutgiftene, mellom anna til beiteleige, er relativt høge. I distrikt der det er knytt samiske rettar til reinsbeita, er grunnen gratis.

Det mobile slakteriet til Filefjell reinlag vart kjøpt inn frå Sverige for rundt ein million kroner for nokre år sidan. Deretter måtte reinlaget ut med to nye millionar for å tilpasse anlegget til norske EØS-krav.

Heile slaktelina kan pakkast saman til ein normal semitrailer, og deretter fraktast land og strand rundt på dei fleste vegar. Poenget er sjølvsagt å ta hand om dyra så nært som råd der dei lever elles.

– Dette slakteriet kan godt brukast på sau. Me håpar også å kunne bruke det på andre tamreindrifter i Sør-Norge, seier Runar Sletten Bjøberg som er einaste halling med eigarinteresser i laget.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 29.07.10 kl. 20:43 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article66164.ece

annonse
annonse
annonse
annonse