Vil ha skibru med gondol
Alpinbakke heilt ned til sentrum.
Alle partar er positivt innstilt, og forprosjektet kan starte. Utbygginga vil gjere jernbanestasjonen på Geilo til den store «skistasjonen» i Norge.
Planane er ledd i realiseringa av
gatebruksplanen på Geilo, der idéane til Arkitektgruppen Cubus tidlegare i år vart valt til å liggje i botnen. Eit sentralt element i forslaget frå Cubus, er ei skibru over jernbanen, som bokstaveleg talt fører alpinbakken ned i sentrum.
Tidlegare denne veka var det eit møte mellom partane på Geilo.
Forprosjektet skal vere ferdig til august neste år. Erland Stubkjær Christensen i Hol kommune er prosjektleiar.
Skibrua som er tenkt bygd over jernbanen like vest for stasjonsbygningen. Skibrua vil bli vel 30 meter brei og skal ende med eit slags utsiktsplatå på sørsida av stasjonen. Trapper og heis fører ned på gateplan.
Like inntil skibrua på austsida skal det kome gondolbane som fører opp til Geilotoppen.
– Det er ikkje gjort nokon kalkulasjon enno av kva alt vil koste. Det er noko av det som må kome fram i forprosjektet. Der må det også avklarast om det er økonomisk realisme i prosjektet, seier Stubkjær Christensen. Han kan forsikre at gløden og entusiasmen er stor hjå alle partar.
RSS
KONTAKT OSS

