Prisar til Moslåtten og Isungset
Arne Moslåtten og Terje Isungset stakk av med to av åtte Edvard-prisar.
Det er Tono som gjev ut Edvard-prisane. Tono forvaltar komponistar, tekstforfattarar og musikkforleggarar sine rettigheiter i musikklivet. Då prisane for 2007 og 2008 vart delt ut i Operaen torsdag kveld var to hallingar blant prisvinnarane.
Arne Moslåtten frå Ål fekk pris i klassen tekst til musikk i 2008 for "Spissrotgang". Dette er den ferskaste plateutgjevinga til Hellbillies.
Terje Isungset frå Geilo fekk prisen i open klasse for 2007 for plata "Igloo".
Edvard-prisen består av eit trofé signert Bruno Oldani og 50.000 kroner.
Prisane vart delt ut i samband med at Tono fyller 80 år.
Bjørn Eidsvåg vant Edvard-prisen for teksten til "Floden" i 2007. Anne Grete Preus fekk for populærmusikk i 2008 for plata "Om igjen for første gang".
Andre prisvinnarar var Asbjørn Schaathun i klassen for samtidsmusikk 2007 med "Double Portrait", Rolf Wallin i klassen samtidsmusikk 2008 for "Strange News", Gaute Storaas for populærmusikk 2007 for musikken til TV-serien om redningsskøyta Elias. Prisen i open klasse 2007 gjekk til Alfred Janson for "En bibelhistorie".
RSS
KONTAKT OSS

