Sudndalen vassverk, Hovet vassverk og Hol vassverk har fått likelydande pålegg.
Mattilsynet konstaterer at Hol kommune har etablert ein internkontroll, men at denne er mangelfull og ikkje i aktiv bruk.
Det er også berre delvis ført journal.
På den bakgrunn har Mattilsynet kome med følgjande pålegg, med 01.10.2010 som frist for gjennomføring:
n Hol kommune må etablere rutine for tilsyn og vedlikehald av høgdebasseng. Vasking av basseng må inngå i dette. Kommunen må også utføre journalføring over tilsyna sine.
n Hol kommune må etablere og setje i verk rutine for opplæring av tilsette i internkontroll.
n Hol kommune må etablere ein rutine for eigenrevisjon av internkontrollsystemet for vassverk.
Mattilsynet påpeiker at revidering av internkontrollen skal gjennomførast regelmessig og systematisk. Dette skal vere med å sikre at kommunen har styring og kontroll med vassforsyninga.
Distriktssjef Svein T. Furuhaug i Mattilsynet opplyser at dei har som mål at dei i løpet av året skal vere innom alle kommunar i dalen med tilsyn og revisjon av vassforsyninga.
RSS
KONTAKT OSS

Tre vassverk i Hol har fått pålegg frå Mattilsynet om å skjerpe rutinane for tilsyn og internkontroll.