Torsdag 02.september 2010
Det nye kjøpesenteret og hotellet i Flå er ein realitet. Frå den offisielle opninga. T.v. rådmann Odd Egil Stavn, Oav Thon og ordførar Tor Egil Buøen (skjult)
FOTO: Torbjørn Gunhildgard

- Ei ny tidsrekning for Flå

Olav Thon vart hylla då han fredag opna det nye kjøpesenteret og hotellet i Flå.

Fontstørrelse A A A

- Ei ny tidsrekning blir innleia i dag, sa ordførar Tor Egil Buøen då han ønskte Olav Thon velkommen til Flå.

Det skjedde under den offisielle opninga av Bjørneparken kjøpesenter og Thon Hotel Bjørneparken litt før klokka 12 fredag.

Frå Flå kommune overrekte Buøen eit bjørnemåleri laga av Oddvar Fingarsen til Olav Thon.

- Det er reint for mykje, kvitterte eigedomskongen som det siste året har investert ein kvart milliard kroner i Flå.

Men han stoppar ikkje med det. På opningsdagen signaliserte Thon at det kjem meir.

- Dette er berre begynnelsen, seier Thon til Hallingdølen.

Folk frå heile Hallingdal var møtt fram for å vere med på storhendinga i Flå. Ordførarane frå alle seks kommunane var på plass.

- Denne satsinga vil heile Hallingdal nyte godt av, sa regionrådsordførar Oddvar Grøthe.

Etter den offisielle opninga vart dørene til kjøpesenteret opna. Folk storma inn for å sjå butikkane og bruke dei fyrste kronene i senteret.

Det var også underhaldning utanfor senteret. Blant anna spelte Toradertrioen til dei mange frammøtte.

Klokka 14.00 vart den store bjørnefiguren framfor sentreret avduka.

Utskriftsvenleg versjon | 02.09.10 kl. 21:47 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article163548.ece

annonse
annonse
annonse
annonse