Anne Rustberggard Varden, turistsjef på Geilo, skal vere med i 2020-utvalet til næringsminister Trond Giske. Reiararving Cecilie Fredriksen har trekt seg frå framtidsutvalet. Dermed hadde næringsministeren ein plass ledig.
– Giske ringde tysdag kveld, fortel ho.
2020-gruppa
Trond Giske har samla 19 unge leiarar frå næringslivet til samtalar om kva Norge skal leve av i framtida. Utvalet hadde fyrste møtet 16. mars. No skal ein goling innta neste møte som er i juni. Rustberggard Varden bur på Gol og er turistsjef på Geilo. Utvalet til Giske har no fått sin fyrste representant frå reiselivsnæringa.
– Det er kjempebra for reiselivet å få ein representant inn her, fortel Rustberggard Varden som sa ja på direkten til Giske. Næringsministeren kom til Geilo for å møte henne onsdag i påskeveka. Han skulle feire påske på Ustaoset og fekk møte Rustberggard Varden på vegen dit.
Utvalet hadde frå før ingen representant frå reiselivsnæringa.
– Dette er ein viktig bransje i norsk næringsliv. Spesielt i distrikta, påpeiker ho. No håper Rustberggard Varden mellom anna å setje fokus på rammevilkåra for reiselivsnæringa. Og då tenkjer ho spesielt på infrastruktur og marknadsføring av Norge i utlandet.
– Det er utruleg viktig. Hallingdal er den største reiselivsregionen i Norge, og eg kjem nok til å slå eit lite slag for Rv7 også.
Desse sit i utvalet:
Stein Marius Varner (44), Ole Robert Reitan (38), Thomas Wilhelmsen (35), Per Benjaminsen (41), Jon S. von Tetzchner (42), Christian Berg (41), Steinar J. Olsen (39), Zahid Saddiq (34), Øyvind Hamre (43), Øystein R. Skiri (35), Olav H. Selvaag (40), Kristin Skogen Lund (43), Kjersti Kleven (42), Leila Hafezi (34), Line Ellingsen (40), Gry Cecilie Sydhagen (36), Yvonne Torgersen (41) og Rebecca Mahboubi (45) og Anne Varden (35).
RSS
KONTAKT OSS

Sist tysdag fekk Anne Rustberggard Varden telefon frå Trond Giske.