Framleis nokre ledige rom i påska
Det er noko ledig på hotella, og lettast å få rom i starten av påska.
Det går mot påske og utleigesengene i Hallingdal er i ferd med å bli bortleigde.
Hemsedal har fylt opp langt fleire senger inneverande sesong enn i fjor.
- Fjorårets påskebelegg var tilnærma fullt, og årets påske ser ikkje ut til å bli noko dårlegare, seier Kenneth Larsen, sals- og marknadssjef i Skistar Hemsedal.
Skistar styrer Hemsedal Booking som rår over om lag 7.000 varme senger. 5.500 ligg i heisområdet.
I Nes er det færre sengeplassar å fylle, men ikkje desto mindre trongt om plassen.
– Det er enno litt ledig, men svært få rom, seier turistsjef Birgit Rustberggard.
Ei knapp veke før høgtida er det berre eit par ledige hytter i Nes.
Men hytter i prisområdet 25-30.000 kroner for heile påska går tregt, noko som har pressa prisane ned.
På Gol er det ingen felles oversikt over bookingkapasiteten. Er det som i resten av dalen, er det i hovudsak fjellet som kallar.
– Det er ikkje påska som er utfordrande å fylle, seier Hans Nibstad ved Storefjell Resort Hotel. Han hadde gjester i dei 750 sengene i fjor, og reknar med det vil bli fullt også i år.
Også på Oset Høyfjellshotell er det gode dagar.
– Her er det smekk fullt, seier Kirsti Johannessen. Ho sit på oversikta over dei 260 sengeplassane som er opptekne frå askeonsdag til 1. påskedag.
På Geilo kan det begynne å bli vanskeleg å få tak i hytter og leilegheiter i påska.
Særleg dei som ligg med kort veg til skibakkane.
Hotella på Geilo har enno ein del ledig kapasitet.
Highland har ei veke før påske berre fylt annankvar seng. Vestlia skal oppleve ein viss auke frå i fjor.
Med om lag 4.000 kommersielle senger og 5.000 hytter reknar turistsjef Anne Rustberggard Varden med at vel 30.000 påsketuristar vil kome til Geilo.
RSS
KONTAKT OSS

