Ny gaupe fanga og radiomerkt
Ei vaksen hanngaupe vart torsdag fanga i båsfelle i Gol og merkt med GPS-halsband.
Gaupa er ein del av det pågåande forskingsprosjektet Scandlynx, som sidan 2006 har fylgt 25 gauper i Buskerud, Vestfold og Telemark.
Hanngaupa som vart merkt torsdag, har fått nemninga M273. Ho gjenreiser dermed «balansen» av radiomerkte gauper i Hallingdal, etter at GPS-merkte «Heidi» vart skoten ved Strandafjorden i Ål for ein månad sidan. Som namnet indikerer, var dette ei hogaupe.
Sikrare kartlegging
Hovudmålet med gaupeprosjektet er å evaluere den metodikken som blir brukt til berekning av gaupebestanden. I tillegg til å studere dei innhogga gaupa gjer på bestanden av hjortevilt og sau.
Gaupene blir merkte med GPS-sendarar som fortløpande sender posisjonar via mobilnettet, inntil sendarane fell av etter eitt til to år. Alle kan følgje gaupene sine vandringar på nettsida http:/www.dyreposisjoner.no, med ei viss forseinking.
Vil ha fleire
I dag er det fem gauper med fungerande GPS-sendar i region 2 (Buskerud, Vestfold og Telemark). Av desse er det to vaksne hanngauper i Hallingdal.
John Odden, som er leiar for forskingsprosjektet, fortel at ein ønskjer å merke inntil åtte gauper til i regionen i løpet av vinteren. Fangsten vil kunne skje fram til 1. mai. Det blir nytta ca. 25 båsar spreidd over store delar av regionen. I Hallingdal står det no sju båsar ute.
I periodar på tre veker blir sendarane programmerte til å ta fleire GPS-posisjonar i døgnet. I desse periodane plukkar lokale hjelpemannskap opp alle byttedyra som gaupene drep. Dermed kan ein berekne kor ofte gaupa drep sau, hjort og rådyr.
RSS
KONTAKT OSS
