Etter alt å dømme er det fyrste gongen det er født femlingar i Norge, i alle fall at fem bjørneungar overlev.
- No er dem kritiske fasen over, seier parksjef Kevin Juhl-Thomsen.
Fyrst tysdag om halvanna veke blir kjønnet til dei fem ungane avklara. Då skal ein veterinær også undersøkje kvar enkelt og chip-merke dei. Inntil då er det berre dyreansvarleg i parken, Kristine Juhl-Thomsen, som er inne i hiet.
– Ein må unngå at mora, Trude, blir stressa, seier Thomsen.
Frå før kjenner ein til ein dyrehage i Sverige som har fått femlingar. Det går greitt, all den tid ei binne har seks spenar.
– Men fem ungar på ei binne ville nok ikkje overlevd i naturen. At ei binne får ungar viser at ho trivst, også når ho får femlingar, seier Thomsen.
Den nye leiinga i parken sette i gang ny fôringsplan i fjor sommar, mellom anna for at dyra skulle aktiviserast meir. Trude viste åtferdsendring, og dei var ei tid i tvil om ho ville få ungar i det heile. Parksjefen avviser at det har vore nokon hormonbehandling eller liknande som ligg til grunn for det store kullet.
- Hadde vorte vanleg med så store kull, måtte ein stilt spørsmål ved om bjørnane har det «for bra», seier Kevin Juhl-Thomsen.
– Men denne sjeldne femlingfødselen er uansett ei gladsak.
Sidan det begynner å bli mildt i vêret kan Trude tenkje seg ut av hiet ein tur. I naturen ville ho gjerne sanka mat til seg sjølv nokre timar, medan ungane var att i hiet. I bjørneparken er dei redde for at ungane går ut, og ikkje kjem seg inn att hiet dersom dei opnar for bjørnemora. Difor ventar dei enno litt med å opne.
– Det kan godt hende at nokon må få ein tur ut av hiet før påske òg. Men det offisielle bjørnesleppet blir palmesundag. Og femlingane får nok sitt fyrste møte med resten av verda då, seier Kevin Juhl-Thomsen.
RSS
KONTAKT OSS

Femlingane i Vassfaret bjørnepark har vorte to månader gamle. Om to veker skal dei ut av hiet.