Fredag 30.juli 2010
Gol samfunnshus er stengt på ubestemt tid etter at ein skiljevegg losna frå taket.
FOTO: Torbjørn Gunhildgard

Må avlyse arrangement i stengt samfunnshus

Stenging av idrettshallen i Gol samfunnshus får store konsekvensar.

A A A

Fyrstkommande sundag skulle det vera handballcup i Hallingdalsserien.

25 lag med spelarar i alderen 8 – 13 var påmeldt. Heile arrangementet blir no flytta til Ålhallen.

Ei volleyballturnering som prosjektet Aktiv Bedrift i Gol kommune stod bak blir avlyst.

Ikkje minst får stenginga konsekvensar for Gol vidaregåande og Gol ungdomsskule.

– Me er jo glade for at det ikkje er 20 minus ute. Det blir mange utetimar i gymmen no, forklarar rektor ved Gol vidaregåande Grete Golberg.

Ho seier lærarar og elevar tek situasjonen sporty.

– Lærarane er flinke og legg om på planane. I tillegg har me jo symjehallen open, og me har eit nytt treningsrom som me kan bruke.

Elevane ved ungdomsskulen på Gol er også glad for finvér om dagen.

– Det hadde vore verre å gjennomført alle gymtimane utandørs om vêret hadde vore dårleg, seier rektor Hallgeir Haugen.

Haugen seier situasjonen fører til ein del meirarbeid.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:05 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article140049.ece

annonse
annonse
annonse
annonse