Fredag 30.juli 2010
Ål kommune inviterer hytteeigarane til dialog. Her frå hyttetreffet i februar.
FOTO: Bernt Ivar Bergum

Hyttekommunar bør satse på pensjonistar

Hytteeigarar kan hjelpe distriktskommunane syner forsking.

A A A

Ei fersk undersøking syner at medan folk i arbeid i gjennomsnitt brukar 36 dagar i året på hytta, er pensjonistane i snitt 70 dagar på hyttene sine.

Stadig fleire over 60 år svarar at dei gjerne vil gjera ein innsats for kommunen dei ferierer i.

Seniorforskar Winfried Ellingsen ved Agderforskning seier til Nationen at han registrerer ein ny trend der hyttefolk i mykje større grad enn tidlegare ønskjer å vera ein del av kommunen dei bur i på fritida.

Hyttekommunane har dermed ein gylden sjanse til å involverer feriefolket i ulike aktivitetar.

– Utviklinga syner at seniorbølgja slår inn for fullt etter 2013, og stadig større grupper vil derfor i åra framover bruke hyttene sine meir, seier Ellingsen.

Forskaren oppmodar hyttekommunane om å ta dei ferierande på alvor.

Ellingsen syner til Kragerø kommune der hyttefolket har vore med på å finansiere bygginga av ei bru.

Forskaren meiner det dessutan vil gje store gevinstar å ta hytteeigarar med i det lokale næringslivet.

 
 

Utskriftsvenleg versjon | 30.07.10 kl. 18:13 | http://www.hallingdolen.no/nyheiter/article139551.ece

annonse
annonse
annonse
annonse